Kommentar

SEKULÆR KONTROLL: Linn-Siri Jensen er rektor ved Nydalen vgs. i Oslo.

I Nydalen opererer rektor som sekulær sheriff

Korleis hamna vi der at norske rektorar står i vegen for elevars initiativ og deira legitime tilgang til fri trusutøving?

Publisert Sist oppdatert

Merknad: Som ein del kjenner til, kom underteikna til Dagen frå arbeid som prosjektleiar i Laget, og var tilsett frå august 2022 til sommaren 2023.

Det dukkar stadig opp saker der rektorar ved norske skular oppfører seg som dei reinaste livssyns-sheriffar. Sjølv om avklaringar og grønt lys for lagssamlingar i skuletida kom frå høgaste politisk hald alt i fjor sommar, rullar rektornekt-soga vidare.

Som henta frå eit absurdteater

Måndag kunne vi lesa her i avisa om Eilif, som er russ ved Nydalen vgs. i Oslo. Han vil starta opp skolelag, men møter stengde dører. Så er vi der igjen. Nok ein rektor har sett seg på bakbeina.

Sjølv om Eilif har sett seg inn i regelverk og lovbok, får han like fullt nei i neven. Å lesa om dialogen hans med skulen, er som å benka seg til eit absurdteater.

Denne sjangeren passar godt som referanse her. Kjenneteikna er replikkar som ikkje gir meining og handling som ikkje heng i hop. .

La oss prøva å samanfatta den dialogen som til no har vore mellom den aktuelle eleven og rektor ved Nydalen vgs:

Elev Eilef Hynnekleiv (18): Vi vil starta skulelag her ved Nydalen! Eit nytt tilbod til elevane her! Alt vi treng, er å få låna eit rom.

Rektor Linn-Siri Jensen: Nei. Vi vel å ikkje setja opp dette tilbodet. Vi vil ikkje ha religiøse møter på skulen vår. Det er reglane her i Oslo-skulen. Vi kan ikkje ha ein kristen klubb.

Eilef: Men … er det ikkje akkurat dette punkt 36 i byrådssamarbeidsavtalen handla om? At rektorar i Oslo skal vera positiv til elevinitiert aktivitet?

Rektor: Nei. I Oslo har vi våre eigne reglar.

Eilef: Men … altså, ein byrådsavtale, er ikkje nettopp dette det som gjeld for Oslo, då? Dessutan er vel kunnskapsministeren sjefen din? Ho sa alt i fjor at forkynningsforbodet i skolen ikkje gjeld lagsarbeid. Det vart tydeleg presisert i samband med ei tidlegare sak …

Rektor: Nei. Det tilbodet du vil starta kan dreia seg om sosial kontroll av elevane.

Eilef: Men kan eg i det minste få sjå kva retningslinjer du følgjer her?

Rektor: Nei. No er det nok. Vi vil ikkje setja opp tilbodet ditt. Det bør du berre forstå.

INITIATIVRIK: Eilef Hynnekleiv ville starta kristent skolelag ved Nydalen vgs. Rektor seier nei.

Uakseptabelt

Greitt, så er det dette ørlite karikert. Denne dialogen har gått føre seg over tid, og har vore skriftleg. At ein rektor møter eleven sin på ein slik måte, er likevel fullstendig uakseptabelt.

Kor vart det av idealet om å møta dei unge med god vilje? Kva skjedde med tanken om transparens? I ein skulekontekst, der håpet er at pedagogikk og logikk står sterkt, blir dette ekstra ille.

Toppar vi dette det med at rektor Jensen så langt ikkje ein gong har villa møta Eilef, er det noko som må snakkast om.

Argumenta 18-åringen får, er faktisk så svake at vi vert overlatne til spekulasjonar når det gjeld rektors handlemåte i denne saka. Finst det eit islett av religiøs berøringsangst her?

Ein ting er sikkert: Dette er ikkje ein måte å byggja demokratisk sinnelag hos elevane sine, dersom det er målet. Det bør det vera, på ein vidaregåande skole.

At rektor møter eleven sin på denne måten, er fullstendig uakseptabelt

Reglar tatt frå lause lufta

Regelen om at eit tilbod må startast ved starten av eit skoleår, verkar tatt frå lause lufta. Dei står fjernt frå ungdomars sans for spontanitet og evne til å snu seg rundt.

Dersom skulen skal vera seriøs når det gjeld tilrettelegging for elevintiert aktivitet, er denne regelen kort og godt heilt bak mål.

I praksis gjer lovverket at ein elev berre kan ta initiativ til å etablera noko to gonger i løpet av heile tida i vidaregåande. Elevar kjem svært sjeldan inn til vgs. med ein ny ide parat til å starta opp med ei gruppe eller eit tilbod for andre.

Er eleven klar ved oppstart i andre klasse, kan ho starta opp noko då. Eventuelt året etter. To forsøk, altså. Komisk. Eitt år er ei æve for ein ungdom. Kva om noko interessant dukkar opp langs livsens landeveg, noko som påkallar engasjement og verketrong?

Nydalen vgs. viser fram ein type rigiditet som får den illgjetne vaktmeister Narvestad til å verka reint behjelpeleg.

Historieløyse

Dette året markerer Laget 100 år, og når ein ser attende på organisasjonen si historie, vil dei fleste vera med på at aktiviteten deira har vore samfunnsbyggande. Visst har mykje endra seg sidan oppstarten ein marsdag i 1924, men framleis synest Laget også å ha eit samfunnsnyttig mål med arbeidet sitt.

Målretta leiartrening, evne til å ta ansvar og initiativ, og mot til å stå opp for det ein trur på, dette er alle typiske Lags-ting. Det er med på å byggja unge borgarar.

Slikt skulle ein tru det gjekk an å anerkjenna, også om ein ikkje deler det livssynet Laget representerer. Det verkar historielaust å ikkje kunna gje eit tydelegare handslag slikt frå skule-hald.

Rektorrolla

Ein kvar rektor treng ikkje vera overdrive oppteken av eigen framtoning og rykte. Men det skadar jo heller ikkje å læra av skjemmande saker?

Er det rett at det finst eit islett av religiøs berøringsangst her?

Det vi til vanleg forbind med ein norsk rektor, er nemleg ein dialogpartnar og tilretteleggjar. Øvst på lista av kvalifikasjonar når ei rektorstilling er lyst ut, er relasjonsbygging og evne til å ta elevperspektivet. I dette lyder fenomenet rektornekt som ein skingrande falsk tone.

Det skal så lite til

Endeleg er det vanskeleg å ikkje skriva om eit tema som gjeld vidaregåande utan å ta med eit par ord om russetida sine eksessar, grupper og utanforskap som vi også denne ettervinteren har fått rikeleg med innblikk i.

Poenget er ikkje å framstilla Laget som «snille» og russen som «slemme». Poenget er snarare kontrasten mellom den rause og fleksible haldninga russen stort sett møter og regelrytteriet som blir Eilef og co. til del. Den er nemleg påfallande.

Nyleg var det utdanningsministeren, som var småkjekk i møte med den famøse «pornobussen» frå Bryne. Kari Nessa Nordtun minna om at det er «i ungdommens natur å provosere og sjokkere. Selv synes jeg dette var ganske 'harry', men jeg er kanskje heller ikke i målgruppen til Bryne-russen».

Eg trur elevar gjennomgåande møter denne innstillinga også frå dei mange rektorane som arbeider under Nordtun si leiing. At også lagsfolk kunne nyta godt av ei slik raus innstilling, kan umogleg vera mykje å be om.

Ei eller anna feilslutning har skjedd når den som er «harry» automatisk fortener goodwill, mens den som er kristen møter ei kald skulder, låst dør og ein dialog som henta ut av eit absurdteater.

Powered by Labrador CMS