Ein plass må vel grensa gå

Publisert Sist oppdatert

Stakkars Ehud Olmert... Tenk å vere så enormt desperat! I mine auge er det inga tvil om at han har rota seg oppi eit skikkeleg stort surr, og no er det som om han er villig til å gjere kva som helst for å få merksemda bort frå nettopp dette. Men å risikere sikkerheten til heile landet ein er sett til å styre, då?! Ein plass må vel grensa gå, sjølv for statsminister Olmert...

Eg er prinsipielt imot å gje opp Israelsk land generellt. Dette er Guds land, – me er kun satt som forvaltarar over dette landet, – kven er då me til å gje det frå oss? Det er ikkje vårt til å gje bort. Men til og med dersom alt dette vert sett til sides, - Golan står i ei særklasse når det kjem til sikkerhet. Frå dei høgdene kan ein skyte på svært store deler av Israel. Me risikerer å gje frå oss heile landet vårt, dersom me gir frå oss Golan.

Syria med sine våpen, styrkar og ikkje minst iranske kontaktar ville vore ein kjempe-trussel mot Israel hadde det ikkje vore for at me har Golan. Derifrå kunne me skyte på Damaskus dersom det skulle verte nødvendig. Derifrå kontrollerer me området rundt. Det er vanskeleg å finne ord for å skildre kor strategisk det er å ha Golan-høgdane på si side. Ikkje rart at Syria hoppar av glede når Olmert allereide før forhandlingane startar, så tydeleg hintar til at han er villig til å gje dei dette området.

Men kva er det Olmert tenkjer med som går inn i noko slikt som dette? Slik eg ser det, er det utrulege dumheter å gje frå seg Golan-høgdane til Syria. Det vil berre vere eit spørsmål om tid, før me innser at me er nødt til å få området tilbake. Og då er det våre eigne søner som må risikere liva sine i den kampen.

Det er klart at dei israelarane som støtter opp om planen å gjer frå seg Golan til Syria, har sine tankar om at dette vil vere til det beste. Det er ein pris det er verdt å betale for fred med sine naboar, seier dei. Hadde me då endå fått fred med naboane... Men har me ikkje lært av vår tidlegare erfaring om å gje frå seg land for fred?

Eg finn trøyst i den bibelske sanninga om at mennesket legg planar, men til sjuande og sist er det Gud som bestemmer kva som skjer, – kva Han tillet at skal skje. Så dette vert grensa også for Olmert, – kor langt Gud tillet han å gå.

SHALOM FRÅ JERUSALEM

Te'ena Østhus Ben-Haim

Powered by Labrador CMS