Fleire terroristar
Samstundes som kvardagen vår i Israel går sin vante gang, vert me alle rysta over alle dei rakettane som kjem over landet vårt frå Gaza, og aller mest over det tragiske åtaket i Negev-byen, Dimona.
Eit par sjølvmordsterroristar tok seg inn i eit gammalt kjøpesenter i Dimona. Den eine sprengde bomba si, seg sjølv og dei rundt seg i lufta. Den andre ville vente til alt hjelpepersonellet kom stormande til, og ville så sprenge si eiga bombe.
Denne terroristen hadde også vorte såra av den første bomba, og det var då ein doktor og ein sjukepleiar utan å vite kven han var, prøvde å hjelpe denne skadde personen, at dei oppdaga bombevesten personen hadde under kleda. Takka vere Guds hjelp klarte ein politimann å skyte terroristen før han klarte å sprenge bomba si og alle rundt seg. Deretter vart bomba detonert på ein sikker måte.
Dette «sjølvmordsåtaket» eller rettare sagt eit forsøk på massemordsåtak, såra rundt førti menneske og drap ei dame som var ute på handletur med mannen sin. Dei skulle snart feire femti års bryllupsdag, og sønene deira sa at dei var saman nesten heile tida. Dette var ikkje noko unntak, men her vart dei skilde frå kvarandre. Då ho vart gravlagd neste dag, låg mannen framleis alvorleg såra på eit sjukehus i nærleiken.
Familien hadde immigrert frå Georgia i 1990, og dei var verkeleg ei suksess-historie. Heile familien hadde lært seg hebraisk veldig fort, og fått akademisk arbeid som fysikarar på universitetet. Dei hadde kjøpt seg eit hus, planta sin eigen hage, og verkeleg vorte godt etablerte i det nye heimlandet sitt. Og så skulle dei verte ramma av slik ei tragedie!
No hadde det gått over eit år sidan sist dei klarte å gjennomføre eit såkalla «suksessfullt» sjølvmordsterroråtak. Det er inga tvil om at det påverkar oss her i Israel. Saman med alle truslane om at dette berre er byrjinga, på grunn av den ukontrollerte flyten av menneske frå Gaza til Sinai og vidare inn i Israel, har ein eigentleg all grunn til å uroe seg.
Då er det nok ein gong godt å ha ein stad å vende seg, for å få ro midt i alt. Når alt anna virkar ukontrollert og skremmande, er det ein som framleis har kontrollen og freden, og det er den evige Abrahams, Isaks og Jakobs Gud. Takk, allmektige Gud, for at Du held Ditt land og folk i Dine hender.
Te'ena Østhus Ben-Haim