Kommentar
Aldri vore meir behov for konservative enn no
Er du mellom dei som unnskyldar deg for å vera konservativ? Rett ryggen. Reinsk røysta. Samfunnet treng deg.
Det er ikkje tilfeldig at eg skriv dette under eit besøk i Roma, byen kjent som den evige stad. Evig er han fordi han stadig har hatt innslag av konservative menneske. Folk med evne til å konservera. I det siste har behovet for frimodige konservative gått frå aktuelt til akutt.
Vaklande konservative
I dag er det mange som vaklar i sin konservatisme. Særleg blant kristne, er det nesten litt lite stovereint. Det er kort tid mellom kvar gong ein høyrer fiffige omskrivingar av merkelappen «konservativ» frå talarstolar. Ingen vil vera i bås. Særleg ikkje ilag med andre.
Dermed tyr ein til andre omgrep. For eksempel «radikal», som synest ha ein langt meir positiv valør i våre dagar. Kvifor er det eigentleg slik?
Å vera konservativ har ein grunntanke om at noko er verdifullt og varig. Det kombinerer sansen for å ta vare på med evna til å foredla, slik at også framtidige generasjonar kan ha nytte og glede av det som er overlevert. Det handlar ikkje om å hermetisera.
Å vera konservativ har ein grunntanke om at noko er verdifullt og varig.
Forsvar av det heilage
Ifølgje Sir Roger Scruton finst to typar konservatisme: den eine er metafysisk og den andre empirisk. Førstnemnde kviler på ei tru på at noko er heilagt, den andre knyter seg til ønsket om å forsvara det heilage mot å bli trakka ned.
Konservatismen er intuitiv
I si bok «How to be a Conservative» («Korleis vera konservativ»), kokar Scruton dette ned: «Vi har kollektivt arva gode ting som vi må kjempa for å behalda».
Det kan nesten verka banalt. Det er fordi konservatismen er intuitiv. For eksempel at det å riva noko ned, både går fort og heilt av seg sjølv. Å foredla krev derimot tid og tolmod.
Dessutan, som også Scruton er inne på, er ein del av det å vera konservativ ei moderne dødssynd. Det står fram nemleg kjedeleg. Er det noko dei progressive avskyr, er det alt kjedeleg.
Variantar av anti-konservatisme
Absurde utslag av anti-konservatisme finst overalt. Ein variant er dekonstruksjon. Eitt uttrykk finn vi i såkalla ekspressiv individualisme, denne aggressive identitetspolitikken som forkastar grunnleggjande biologiske realitetar til fordel for subjektive raritetar. Slik at vi ikkje lenger fritt kan bruka omgrep som mann og kvinne utan å føla vi har gjort noko gale.
Eit anna uttrykk er ein forbrukarsjuka. Knefallet for kommersielle krefter som øydelegg skaparverket. Ting vert ikkje framstilt for å vara i eit slikt system. Det finst knapt eit incentiv til å reparera noko av det eg eig. Å kjøpa nytt, verkar alltid naturleg.
Eit tredje døme er ein individorientert teknologi som legg beslag på mange av timane mine kvar einaste dag. Merksemda mi har blitt til ei handelsvare og aktørane som tener pengar på oss er for store til at eg heilt greier å få auge på dei.
Forvirra kultur
Denne forvirra kulturen, som manglar felles haldepunkt, må vera noko av forklaringa på at folk i eit fritt land som Noreg dannar kø for å kjøpa eit undertrykkjande symbol som palestinaskjerf og -flagg. Årleg vert hovudstaden vår drapert i regnbogeflagget, som frontalkolliderer med palestina-promoteringa, men pytt.
I eit land som Noreg, trygt i le av restane av ei kristen kulturarv, kan ein ta seg råd til ei slik sjølvmotseiing. Ein treng slett ikkje tenkja på at den eine ein støttar, er klar til å knekka den andre, om sjansen skulle by seg.
Partiet Raudt
I eit forvirra klima med godt fotfeste for slik dekonstruksjon, er det heller ikkje så overraskande å høyra om fornya revolusjonsglød og Lenin-lefling hjå ungdomen i partiet Raudt.
Mímir Kristjánsson tok runden i alle aviser og poengterte at leiinga i Raud Ungdom ikkje står for partiets politikk. Dei er ikkje eit kommunistparti, poengterer Kristjánsson. Nei vel. Men kva hjelper det all den tid dei er revolusjonære?
Kven som vil, kan plukka opp prinsipprogrammet og få det rett frå den raude levra. Her fortel dei korleis dei skal «kjempe fram nye framsteg i retning av eit sosialistisk samfunn». Dei skildrar vegen fram mot «ei større omvelting», (les: revolusjon) med «oppretting av nye demokratiske styringsorgan» som mogleg resultat. Tenk litt på det.
Programmet munnar ut i målet om «det klasselause samfunn», og sistelinja stadfester at «det er dette Karl Marx kalla kommunisme». At Raudt ikkje står for kommunisme, verkar på denne bakgrunn som dobbeltkommunikasjon.
Å ta vare på er livskunst for den enkelte, og det er politikk for eit godt samfunn.
Kristjánsson og andre har greidd å vinna sympati for sitt revolusjonære prosjekt gjennom fornuftige utspel i kvardagspolitikken. Men dei underliggjande ideane er avgjerande, og vi bør konfrontera både revolusjonshungeren og dekonstruksjonen med konservativ tyngde.
Livskunst
Å ta vare på er livskunst for den enkelte, og det er politikk for eit godt samfunn. Difor trengst konservative. Å vera konservativ er ikkje å krampaktig klynga seg til fortida, men å insistera på ei foredling av fortida i eit menneskeleg tempo. Ikkje gjennom revolusjon og raserande ideologi.
Ein klok mann eg snakka med i Roma, sa at byen er ein slags syntese av Jerusalem og Athen. Av dei gamle grekarane lærte europearen nysgjerrig utforsking i tråd med mottoet hos Oraklet i Delfi: «Kjenn deg sjølv». Den hebraiske visdomen er motsett. Her er det «Gløym deg sjølv» som gjeld. Mennesket er trass alt støv framfor sin mektige skapar.
Denne doble ettertanken er dessverre mangelvare både hos dekonstruktivistane og dei revolusjonære.
Tilbake til Roma. Få stader viser som denne byen kor vi europearar kjem frå. Same kor ein snur seg, er fortida nær. Og med det, tallause døme på folks strev med å ta vare på denne fortida. Takk og pris for alle som tek vare på og foredlar. Dei trengst.