Vert fengsla i fire veker
Den drapssikta afghanaren, «Ali», vart under fengslingsmøtet i Bergen tingrett på fredag varetektsfengsla i fire veker med brev- og besøksforbod.
Påtalemakta grunnga varetektsfengslinga og restriksjonane med fare for bevistap og unnataking.
– Motivasjonen for å vere i Noreg med ei så alvorleg sikting, er liten. Det er difor grunn til å tru at han vil reise ut av Noreg og gå i skjul i eit anna land ved ei eventuell lauslating, seier politiinspektør Sidsel Isachsen til Dagen rett etter fengslingsmøtet.
Ho kan òg fortelje at det foreløpig ikkje har kome fram opplysningar i avhøyra som set saka i eit nytt lys, men at meir vil bli klart etter dei kriminaltekniske undersøkingane og i vitneavhøyra.
LESOGSÅ: – Musse ble selv angrepet av islamister
Bandasjert hånd
«Ali» møtte til fengslingsmøtet med bandasje rundt venstre langfinger, ei skade som oppstod i knivslagsmålet med den drepte somaliaren Musse Mohamoud Ahmed. «Ali» sa ja til varetektsfengsling og restriksjonane knytta til fengslinga. Han held likevel fast at han er uskuldig og handla i nødverge. Forsvarar for «Ali», Gisle Didriksen, opplyser til Bergens Tidende at klienten hans er prega av den tragiske situasjonen som har oppstått.