Annonse

Denne fagforeininga streiker aldri
Nesten alle lærarkollegaene til Kristian på Marienlyst skole er i streik. Men sjølv er han medlem av fagforeininga som ikkje streikar.
– Det er jo ingen tvil om at det er litt kjedeleg på ein skule utan elevar eller kollegaer, seier Kristian Skaar (29). Han er lærar i kroppsøving og RLE på Marienlyst skole i Drammen.


Onsdag vart 35 av kollegaene hans tatt ut i streik fordi dei er medlemer av Utdanningsforbundet. Sjølv er Skaar medlem av Kristelig Fagforening (Krifa), ei fagforeining som konsekvent ikkje nyttar streik som verkemiddel.


Rar kjensle

Då Kristian kom til skulen i dag tidleg møtte han kollegaene sine, som stod streikevakt. Dei lurte på kvifor ikkje Skaar streika saman med dei.

– Eg måtte sei at eg var medlem i ei annan fagforeining, og det argumentet forstod dei godt, fortel Skaar.


Han fortel at Krifa har mange av dei same verdiane som han sjølv har som kristen, og framhevar Krifa sine standpunkt, oppfølging og tilgjengelegheit som grunnar til at han valde fagforeininga. Likevel fortel han at det er ei rar kjensle å sitje inne på jobb, medan kollegaene er ute og streikar.



LESOGSÅ: Nå kan prestene streike – Kan godt jobbe gratis når prestene streiker

– Det er jo litt rart å vere utanfor det fellesskapet som dei streikande har. Eg har ikkje satt meg veldig godt inn i streikegrunnlaget, men respekterer at kollegaene mine er i streik. Men eg trur det kunne vore løyst på andre måtar. Det må vere viktig med ein dialog og ei forståing av den andre sida si sak og sitt standpunkt, seier Skaar.



Utdatert kampmiddel

I Noreg har Krifa litt meir enn 1000 medlemer, medan organisasjonen har 212 000 medlemer i Danmark - der den vart starta for over 115 år sidan. Den norske avdelinga vart etablert i byrjinga av 2008.

Fagforeininga har sidan starten aldri tatt nokon medlemer ut i streik. Leiar for Krifa i Noreg, Marius Hammer, meiner at streik ofte rammar både arbeidsgivar, arbeidstakar og uskuldig tredjepart.


– Vi meiner at streik er utdatert, og trur ikkje på streik som kampmiddel. Det er heilt uaktuelt for oss å ta våre medlemer ut i streik. Vi ønskjer ikkje å påføre arbeidgivar, arbeidstakar og tredjepart skade. Difor er vår haldning at streik ikkje passar inn i det moderne arbeidslivet, seier Hammer.



Medlemsauke

Hammer fortel vidare at Krifa si norske avdeling vanlegvis får 50 nye medlemer i månaden, men at dei berre i løpet av tysdag denne veka fekk 12 nye medlemer. Hammer trur mange av desse er ein direkte konsekvens av den pågåande streiken.


– Eg trur vi får mange nye medlemer fordi streiken er aktuell no. Vi opplever at medlemer ønskjer å bytte fagforeining til oss, fordi dei ikkje ønskjer å streike. Dette er folk som ønskjer å gå på jobb og gjere jobben sin, forklarar Hammer.



Håpar på løysing


Ungdomsskulelæraren Kristian Skaar er ein av dei som ønskjer å gjere jobben sin. Han er oppteken av at streiken får konsekvensar for mange, og at han helst vil ha kollegaene sine tilbake så fort som råd.


– No er jo skulen stengd, så eg førebur litt undervisning og ryddar i utstyrsboda og på kontoret. Eg nyttar streiken til å gjere slikt eg elles ikkje får tid til, seier Skaar.

Han meiner likevel streiken kjem på eit uheldig tidspunkt, og at mange elevar som eigentleg skulle hatt eksamen, må ta fri.


– No håpar eg partane kjem fram til noko som alle kan vere fornøgd med. Sjølv om elevane er glade for å ha fri nærmar jo skuleåret seg slutten, og elevane burde jo eigentleg hatt eksamen. Det er vanskeleg å gjere jobben sin som lærar når det er streik, avsluttar Skaar.

(Dagen)