Annonse

– Romslegheit betalar seg
Fotballkommentator og sportsjournalist Davy Wathne meiner par og familiar må ha fridom til å vere opptekne av ulike ting, også når det er fotball-EM.
– Viss interessa for fotball er genuin, bør ein diskutere med partnaren sin og bli einige om mengde og tid, er rådet Davy Wathne har til familiar der fotballinteressa er ulikt fordelt mellom dei vaksne.

Dei neste vekene vil fotballkampar frå EM gå på fjernsyn kvar einaste dag, og mange nordmenn vil sitte benka framføre skjermen.


LESOGSÅ:Rasistisk og nynazistisk fotballvold i EM-landene


Ingen samlivsekspert

Når Dagen ringer Wathne for å spørre om råd til familiar under EM i fotball, åtvarar den profilerte TV-personlegdomen om at han ikkje har nokre merittar å vise til på samlivsfronten.

–Etter fleire samlivsbrot kan eg vel heller kalle meg det motsette av ein samlivsterapeut. Min måte å opptre på har ikkje akkurat ført til eit fruktbart samliv, seier Wathne. Han har likevel klare meiningar om kva som er eit godt samliv. – Dei damene eg har fungert best med, er dei damene som har latt meg vere meg sjølv, fortel han.


Utdatert haldning

Wathne poengerer at han ikkje trur fotballinteressa er like tradisjonelt fordelt mellom menn og kvinner som den var før.

– Eg trur det at menn ser på fotball, medan kvinner ikkje vil sjå på, er eit utdatert fenomen. Eg trur fotballinteressa har jamna seg ut mellom kjønna, og at det i dag er mange fleire kvinner som er interessert i og speler fotball, seier Wathne.


Slakk line

Han peikar på viktigheita av å gje kvarandre rom til å ha ulike interesser, og at han trur dette vil vere sunt i eit parforhold.

– Dei forholda der ein våger å ha ei slakk linje og der ein ikkje sit med strupetak på kvarandre, er dei forholda som lever best. Det er viktig å la den andre i forholdet gjere ting ein sjølv ikkje er med på, meiner Wathne. Under fotball-EM tilrår han ikkje at ein skal nekte partnaren sin å sjå fotball, viss det er det som er partnaren si interesse.

– Eg trur romslegheit vil betale seg, viss ein elskar kvarandre. Det å elske nokon handlar om å la denne personen dyrke sine interesser, seier Wathne.


Twitter-melding

Etter intervjuet med Dagen kunne Davy Wathe sine følgarar på Twitter lese følgande melding frå TV-kjendisen:

«Den kristne avisen Dagen ringer MEG - av alle - for å få råd om samliv i EM-tider. Som å ringe djevelen og be om nøklene til perleporten!».

(Dagen)