«Han tok seg av dei som fall utafor i samfunnet»
Det er eit særmerkt og radikalt liv som er enda ved Arnfinn Harams død. Han døydde av hjarteinfarkt under ein sykkeltur på søndag.
Det kan synast underleg at han skulle døy under ein sykkeltur, ein skulle tru det heller hadde skjedd bøygd over tjukke bøker. Saka er likevel at mannen var oppteken med å halda seg i god fysisk form, og då var særleg turar i fjella på Sunnmøre kjærkomne.
LESOGSÅ:Pater Arnfinn Haram (63) er død
Eg skriv etter gamal vane Arnfinn Haram, men etter at han konverterte til Den romersk-katolske kyrkja og vart dominikanarmunk, ville det formelt korrekte vera å skriva Arnfinn Andreas Haram OP.
Eg held meg like fullt til hans opphavelege namn, ikkje for å markera avstand til han som munk og katolikk, men fordi han for meg først og fremst var ven og husprest.
Arnfinn var sokneprest i Loddefjord menighet i 16 år, og i den perioden hadde eg og familien min bruk for prest i ulike høve, ved vigsel, dåp, død og ny vigsel – og Arnfinn Haram vart då som ein husprest for meg.
LESOGSÅ: En siste hilsen til Pater Haram
Han var ein trygg prest som skapte tillit, både hjå lågkyrkjelege bedehusfolk og hjå folk som lite og ikkje hadde med kyrkje og kristendom å gjera. Rett nok var det nokre som berre kjende han frå hans meiningar, som var negative til til han, men dei som kjende hans sosiale engasjement eller hadde personlege erfaringar med han, omtalte han alltid i svært positive ordelag.
Arnfinn Haram var fødd på Sunnmøre, og han la all si tid vekt på at han i sinn og skinn var sunnmøring – inkludert eit svært vakkert og klangfullt nynorsk. Han var i det heile ein språkets meistar og retorikar, særleg skriftleg.
Dei seinare åra var han dessutan ein mann som kom til i ulike media med sine meiningar, særleg i Klassekampen og Dag og Tid, som lutheranar var han også fast skribent i Dagen.
Kanskje det aller beste han har skrive, både ut frå form og innhald, var ein omtale av Bibelen i det litterære tidsskriftet «Bokvennen» (nr. 4/11) i samband med den nye bibelomsetjinga. Dessutan var han songar og god liturg, og salmediktar.
Arnfinns veg til kristen tru og hans teologiske utvikling var ikkje sjølvsagt, men personleg. Han kom ikkje frå nokon sterk kristen bakgrunn, men vart frelst gjennom indremisjonen på Sunnmøre. Derifrå gjekk vegen til teologistudium og prest i Den norske kyrkja.
Han utvikla seg i høgkyrkjeleg retning, og for oss som såg hans liturgi og kristne formspråk, og kjende hans kyrkje- og embetstenking, var det ikkje overraskande at han på slutten av 1990-talet konverterte til katolisismen.
For min del vart det med det eit teologisk gap til min ven og husprest, men ikkje brot. Arnfinn var ein mann av slik personleg og kristen integritet at respekten var intakt.
Arnfinn var ein uvanleg allsidig mann. Politisk var han sosialt radikal, sterkt orientert ut frå livsrett og menneskeverd. Han reagerte mot abortlova med å fråseia seg den statlege løna, bortsett frå leiga til prestebustaden. Han tok seg av dei som fall utafor i samfunnet, samstundes som han dreiv sine allsidige litterære studier. Som munk fekk han enda større høve til det siste, og det viste att i det han skreiv.
Då han i 2008 var 60 år, vart det utgjeve eit festskrift til Arnfinn, der eg fekk bidra med artikkelen «Min husprest». Eg var då redaktør i Dagen, men også redaktør i Klassekampen, Bjørgulv Braanen, deltok med ein artikkel, «Ånden i en åndløs tid». Det var ein svært samansett gjeng skribentar, som det var det i sjølve 60-årsfeiringa som må definerast som eit seminar om sentrale personar i norsk litteratur.
Arnfinn Haram var ein samansett og lærd mann, og slik framstod han i media, men for alle som kjende han personleg, var han ein omgjengeleg og omsorgsfull ven.
Det er sjølvsagt eit tap for det dominikanske munkefellesskapet at han er borte, men det er eit like stort tap for alle hans vener i dei mange samanhengane han deltok i, og det er eit tap for den offentlege debatten og den kristne røysta han utgjorde her.
Med takk for det Arnfinn Haram var for meg og eit uttal andre, lyser eg fred over minnet hans.
– Johannes Kleppa,