Annonse

Kan ikkje bu i Noreg utan omskjæring
I januar fekk Daniel Kohn sonen Isak, og på åttande dagen vart Isak omskoren. Daniel fryktar for jødane sitt eksistensgrunnlag i Noreg ved eit forbod.
27. januar i år fekk Daniel Kohn (30) og kona Leoni (25) sonen Isak. Den åttande dagen etter fødselen vart Isak omskoren, slik Daniel og dei mannlege, jødiske forfedrane hans har vorte omskorne i generasjonar før han.

– Det er eit fysisk bevis på at jødiske gutar tihøyrer jødedommen. Det er ein viktig og essensiell del av vår religion og tradisjon. Viss omskjæring hadde vore forbode i Noreg, ville det i praksis bety at vi ikkje kunne bu her, seier Daniel Kohn. Han er son av den kjende leiaren for Det Mosaiske Trossamfund i Oslo, Ervin Kohn.


FAKTAOM Omskjæring: Kvart år vert cirka 2000 gutar omskorne i Noreg, men berre eit fåtall av dei er jødar. Dette er ein sterk jødisk tradisjon, som stammar frå Abraham si tid, for 3700 år sidan. Omskjæring skal fortrinnsvis skje før eller på den 8. dagen etter fødselen og finn vanlegvis stad i ein religiøs samanheng. Muslimar praktiserer òg omskjæring og står for dei fleste omskjæringane av gutar i Noreg, men det skjer på ulike tidspunkt i oppveksten. I USA er omskjæring den vanlegaste av alle operasjonar, og relativt sjeldan religiøst begrunna.

Kjensler

For Daniel og Leoni var det ingen tvil om at Isak skulle omskjærast, sjølv om Daniel innrømmer at det ikkje alltid er rasjonelle argument som ligg til grunn for at den tusenårige tradisjonen vert vidareført.

– Det er mykje kjensler, tilhøyrigheit og tradisjon. Det ville vore veldig unaturleg å ikkje gjere det. Det merkar eg som ein slags ryggmarksrefleks, seier den unge faren til Dagen.


LESOGSÅ:- Sp vil gjøre Norge jøderent


Profesjonelt inngrep

Han poengterar at han ikkje såg nokre gyldige motforestillingar mot å omskjære sonen sin.

– Eg hadde ingen kvalar med å gjere det. Vi gjorde det under veldig strenge reglement, slik tradisjonen er i jødedommen. To legar var tilstades, og ein spesialist utførte sjølve inngrepet. Det blei gjort profesjonelt og ordentleg, seier Daniel. Han peikar òg på at det ikkje medfører nokon helsemessige problem for sonen, men at omskjæring tvert i mot har positive helsemessige konsekvensar.


Frustrasjon

At debatten om omskjæring av guteborn igjen er på dagsorden, halvanna år etter at barneombod Reidar Hjermann lufta tanken om eit forbod, gjer den jødiske småbornsfaren frustrert.

– Det er ei blanding av frustrasjon og motløyse. Vi har jo kjempa denne kampen før, og så verkar det som at den kjem fram att i ein toårssyklus. Sist gong var det barneombodet, og no Senterpartiet, seier Daniel Kohn om debatten som Senterpartiet sin stortingsrepresentant, Jenny Klinge, starta førre veke.


Ignorant haldning

Samanlikninga mellom omskjæring av kvinner og gutebarn, er spesielt opprørande for Daniel Kohn. Han meiner det er to fullstendig forskjellige prosessar.

– Det er jo ein del som er ignorante nok til å samanlikne mannleg omskjæring med kvinneleg omskjæring, og då går det gale. Det er to heilt ulike medisinske prosessar, seier Kohn, som er utdanna sivilingeniør medan kona Leoni studerer medisin.


Eksistensielt

Viss det kjem eit forbod mot omskjæring i Noreg, er Daniel redd at han og familien må flytte frå Noreg.

– Det ville vore eit veldig stort problem. Då ville eg blitt kriminell ved å omskjære sonen min. Som ein lovlydig borgar i Noreg ville det blitt umulig for meg å gjere det. I praksis ville det betydd at eg og familien min ikkje kan bu i Noreg, seier Kohn. Han meiner det òg ville betydd at eksistensgrunnlaget for jødedom i Noreg ville forsvunne og at ein ville gjeninnført jødeparagrafen.


– Eg kan ikkje gamble på at eg berre får jenter, for å unngå heile problemet. Alle dei andre norske jødane på min alder måtte tatt inn over seg den same problemstilinga, seier han.


Optimist

Daniel trur ikkje det norske samfunnet er vant til å ha andre og framande element i seg, og at jødedom og omskjæring av guteborn difor framstår som noko ukjend og annleis. Likevel er han optimist, og trur ikkje det vert noko av forslaget om forbod.

– Sist dette kom opp, blei regjeringa ganske pragmatisk i spørsmålet om omskjæring av guteborn. Det er meir eller mindre same gruppe som foreslår forbod kvar gong. Eg har veldig tru på at vi i Noreg er tolerante og oppegåande nok til at dette ikkje vert vedtatt, seier Daniel Kohn.


(Dagen)