Kyllingaksjon skapte trafikkork
Massemøntring av sympatisørar for den verdikonservative hurtigmatkjeda Chick–fil–A skapte trafikkork mange stader i USA. Kritikarar prøver å sende kjeda den vegen høna sparkar.
Kjedepresidenten Dan Cathy har gjort seg sjølv og verksemda si til offentlige hakkekyllingar etter å ha gitt støtte til den tradisjonelle definisjonen av ekteskapet og følgjeleg motstandar av å gjere det kjønnsnøytralt.
Ordførarar i fleire av die store amerikanske byane har reagert med å gi uttrykk for at kjeda ikkje er velkomne.
Muppet Show–selskapet Jim Henson Co. har avslutta leveransen av leiker til Chick–fil–As barnemenyar, og tusenvis av forbrukarar har teke til orde for boikott.
Let seg ikkje skremme
Mottrekket vart klekt ut av tidlegare Arkansas–guvernør og presidentkandidat Mike Huckabee. Onsdag denne veka var det nasjonal «Set pris på Chick–fil–A»–dag i USA.
Meir enn 600.000 slutta seg til kampanjen på Facebook. Køar av tilhengjarar snodde seg rundt restaurantane og nedover gatene sør i California, ifølgje Los Angeles Times.
Dei let seg ikkje skremme av homoaktivistar som ved hjelp av skilt og lydeffektar prøvde å få folk til å ete ein annan plass.
Lange køar
Tilsvarande køar oppstod utanfor mange av dei drygt 1.600 restaurantane kjeda har over heile landet, men det er naturleg nok ikkje kome overslag over kor mange som deltok.
Ein talsmann for kjeda har understreka at det ikkje er dei som har teke initiativet til aksjonsdagen.
– Vi set pris på alle kundane våre og er glade for å servere dei når som helst, seier han ifølgje Christian Post.
Rick Santorum, som lenge låg best an til å utfordre Mitt Romney i striden om å bli republikansk presidentkandidat, var ein av dei som åt kyllingburger til lunsj på onsdag.
«OK, dei venstreorienterte blir galne» skreiv han på Twitter.
Motaksjon
Fredag planlegg homofile aktivistar motaksjon. Einkjønna par skal stille opp i Chick–fil–A–restaurantar for å kysse kvarandre
Sjå videoar av to av køane som oppstod. Her frå Oceanside, California og Peabody, Massachusetts:
(Dagen)