For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

Fleirspråkleg oppvekst

Publisert Sist oppdatert

I forhold til språk, får borna mine ein fullstendig annleis oppvekst enn det eg sjølv hadde. Dei får to språk heilt frå starten av, i og med at Seth snakkar med dei på engelsk, og eg snakkar med dei på norsk. Ikkje nok med dette, når dei så i treårsaldaren byrjar i barnehage, vert også hebraisk introdusert på ein intensiv måte.

Eg er svært glad i lesestundene med borna, og det å få vere den første til å fortelje dei bibelhistorier dei aldri har høyrt før, er heilt spesielt, tykkjer eg. Eg måtte smile då eg for eit tid tilbake fortalde historia om tårnet i Babel, og språkforvirringa som fylgde. Det heile var så naturleg for Jonathan, som i sitt treårige liv allereide hadde rimeleg brei erfaring med språkforvirring. Han hadde ikkje vore så lenge i barnehagen, og var svært kjent med den realiteten at alle snakka eit anna språk enn han, og at det gjorde det vanskeleg å forstå kvarandre.

Det er også interessant å leggje merke til samtalane mellom borna. Sist veke, etter ein koseleg dag i dyreparken, høyrde eg Jonathan vende seg til Becca i baksetet; «Becca, nå skal eg lære deg hebraisk, for når du byrjar i barnehagen, er det det språket du må snakke». Eg høyrde interessert etter, og lurte på kva slags pedagogikk og læremetode han tenkte å bruke. Han gjekk straks vidare med å seie eit hebraisk ord om att og om att, utan å oversetje det eller nokon ting, og så prøvde han å oppmuntre ho til også å seie dette ordet. Maim, maim, maim... (vatn). Det var vel gjerne slik han kjende at han sjølv hadde måtta lære språket.

Det er på ingen måte nokon uvanleg situasjon at born veks opp fleirspråklege her i landet, på grunn av alle immigrantane. I generasjonane før oss var tanken den at no er me her i Israel, så då snakkar me kun hebraisk. Immigrantane prioriterte ikkje å lære borna sine å snakke det språket dei sjølv vaks opp med.

Eg har snakka med folk som vaks opp på denne måten, og dei seier at dei skulle ynskje at foreldra hadde snakka morsmålet sitt, slik at dei også kunne ha lært seg det språket. Mykje av røtene ligg i språket, og kommunikasjon med vener og familiemedlemmer i foreldra sine tidlegare heimland vert jo berre så mykje lettare når ein kan språket deira.

Te'ena Østhus Ben-Haim


Powered by Labrador CMS