DØYPT: William Speer vart døypt i fengselet i Texas i fjor.

Berre timar før bøneleiaren i fengselet skulle døy, vart avrettinga stoppa

Torsdag denne veka vart likevel ikkje den siste dagen i livet til William Speer.

Publisert Sist oppdatert

Den øvste domstolen i Texas avlyste den planlagde avrettinga, melder nyheitsbyrået AP. Det skjedde sjølv om søknaden hans om benåding vart avvist på tysdag.

William Speer (49) skulle få ein dødeleg injeksjon. Han er dømt for drap på ein annan innsett i eit fengsel i Texas i 1997.

Grunnen til at Speer hamna i fengsel i utgangspunktet, var eit drap han utførte som 16-åring. No har han site inne i nesten 32 år.

Dommen er ikkje oppheva, men saka hans skal verte grundigare gjennomgått.

Får støtte frå pårørande

Både syster til det eine drapsoppferet og fleire religiøse leiarar, har engasjert seg for å redde livet til Speer, skriv Christianity Today.

«Eg har lært mykje om Speer dei siste månadene, og i hjartet mitt kjenner eg at han ikkje berre er lei seg for handlingane sine, men at han seinare har gjort godt arbeid for andre og har noko igjen å tilby verda», har Sammie Gail Martin skrive i eit brev til Texas Board of Paroles and Paroles.

Ho bed derfor om at han heller vert sitjande i fengsel på livstid.

Sonen til det første drapsofferet til Speer, J. C. Collins, har sagt at han vil vere til stades ved ei eventuell avretting. Det er ikkje fordi han vil ha utløysing for hemn, men fordi han vil be for ein mann han har tilgitt.

– Eg vil lytte til dei siste orda hans. Og så vil eg bøye hovudet mitt, late att augo mine og be mine eigne bøner for han, seier Collins til Baptist Standard.

– Eg vil halde augo mine lukka til det er over. Eg vil ikkje sjå han døy.

Angrar på ugjerningar

Speer har uttrykt anger for handlingane sine.

– Eg veit kva eg tok frå dei, har fangen sagt i eit intervju med Baptist Standard.

– Eg veit kva eg rana frå dei og familiane deira. Eg forstår dette fordi eg har vore der. Stefaren som misbrukte meg, drap mora mi. Eg veit korleis det kjennest, seier Speer.

Han har foralt om ein barndom prega av overgrep og misbruk.

Etter åttande klasse droppa han ut av skulen. Ved eitt tilfelle skal han ha blitt slått så mykje i fengselet at han hamna på sjukehus. Det andre drapet skal ha vore motivert ut frå eit ønske om å verte verna frå gjengar.

Teneste for andre

Speer erkjenner at han ikkje kan gi tilbake det han har teke ifrå dei.

– Men kanskje eg kan gi tilbake på ein annan måte. Ved å arbeide med menn som har vorte øydelagde slik eg vart, kan eg gi håp. Eg kan ikkje få tilbake liva eg tok, men eg kan gjenopprette håp der det har vorte teke bort, og eg kan gi Gud all æra.

Åleine 22 timar i døgnet

Speer er den første fangen som har hjelpt til med å drive kristent arbeid mellom fangane som bur på tryggleiksavdelinga Allan B. Polunsky Unit. Det skjedde etter at han kom til kristen tru. I fjor vart han døypt i fengselet.

Kvar morgon leier Speer bøn og lovsong. Nokre gonger held han ein andakt for andre fangar som sit på avdelinga for dødsdøme.

– Sjølv om mennene på denne avdelinga er i isolat 22 timar i døgnet, kan dei framleis synge saman gjennom veggene, seier den sørstatsbaptistiske pastoren Dana Moore til Christianity Today.

Han har drive besøksteneste på denne avdelinga i fleire år.

Færre vert avretta

I 2021 starta Texas Department of Criminal Justice eit trusbasert program på 18 månader for innsette som fekk innvilga ein søknad. Programmet vart kjent som «God Pod». Det omfatta undervisning, tilbeding og ein sjeldan gong fellesskap for dei som normalt sett må vere åleine.

Rundt 2.400 menneske ventar på å få utført dødsdom i USA, ifølgje Death Penalty Information Center.

Talet på årlege avrettingar er likevel gått kraftig ned. Det var 85 i 2000, mot 7 i 2022. ifølgje statista.com.

Powered by Labrador CMS