KVEIK NÅDEGÅVA: Tre frimodig fram med den gåva du har. Gjer det audmjukt, i bøn til Gud, skriv Egil Sjaastad.

Timoteus og oss: Kveik nådegåva opp att!

På ei rundreise saman med Paulus vart Timoteus verande ei tid i Efesus. Han skulle rettleie forsamlinga der, for det hadde oppstått konfliktar både om lære og om etiske haldningar. Tunge bører kvilte no på skuldrene hans.

Vi kjenner liknande situasjonar, ikkje sant? Konfliktfylte årsmøte der meiningane sprikar. Usaklege debattar, endatil på nettet. Uro omkring tilsette som fremjar nye tankar. Ektepar som held seg heime fordi dei kjenner seg overkøyrde.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Timoteus opplevde kor einsamt det kan vere å ha ei leiarstilling. Men no kom det eit oppmuntrande brev frå Paulus. Der les han:

«Forsøm ikkje den nådegåva som er i deg, som du fekk ved profetord då dei eldste la hendene sine på deg» (1Tim 4,14).

Hadde han blitt freista til å gi opp? Veik han unna der det kosta å seie noko? Hadde alt stresset gått ut over andaktslivet? Hadde han gløymt at nådegåva ikkje kan fungere rett utan bøn? Hadde han gløymt den dagen for lenge sidan da eit eldsteråd bad for han og overleverte han eit stort ansvar? Oppmuntringar frå ein medkristen vart den gongen til stor kveik. Profetiske ord rett inn i situasjonen hans.

Kanskje du som les dette, kjenner deg att? Du har mista noko på vegen. No kallar Gud på deg igjen. Tre frimodig fram med den gåva du har. Gjer det audmjukt, i bøn til Gud.