Leder
REGN: Sjølv «Det skal bli strømmer av nåde», kan får eit litt dempa preg, innan rammene av mollstemte regnprognosar frå yr.no, skriv Dagens leiarskribent. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Eitt av dei mest geniale grep mot «søndagskristendom» som finst
Midt i ein julimånad med overhengande fare for nedbørsrekord, blir det fort til at lovsongar som Michael W. Smith- klassikaren «Let it rain» set seg litt fast i halsen.
Ja, sjølv «Det skal bli strømmer av nåde», kan får eit litt dempa preg, innan rammene av mollstemte regnprognosar frå yr.no. Særleg når vi kjem til «vi ber deg om mere enn dråper, strømmer, send over oss ned».
Vi veit jo at det er ei metaforisk, eller biletleg, tyding som ligg under her, men likevel. Den som ikkje er vĂŞrsjuk etter vekevis med ferieregn er truleg vidarekommen vestlending. Eller vĂŞrflyktning frĂĄ ein sentraleuropeisk by utan velfungerande ventilasjon.