Debatt
BØKER: Det er mange gode grunnar for å lesa kristen litteratur: Det kan gje djupare innsikt i Guds ord, vera til hjelp i kristenliv, skapa misjonsengasjement, gje kunnskap som kan vera til hjelp med tanke på å tenkja rett og leva rett i dagens samfunn, skriv Johannes Kleppa.
Gorm Kallestad / NTB / NPK
Kristen litteratur og antikvariat
For oss som er opptekne med kristen litteratur og den kristne bokhandelen, var det til oppmuntring å lesa leiarartikkelen i Dagen 2. februar, «Ti grunner til å lese kristne bøker».
For oss som særleg er opptekne med gamle kristne bøker og antikvariat for slike, var det ekstra hyggeleg å lesa det som vart sagt om gamle kristne bøker. No til dags er forresten ikkje bøkene så gamle før dei går ut av forlaget, og berre er å finna i antikvariat.
Ja, det er mange gode grunnar for å lesa kristen litteratur: Det kan gje djupare innsikt i Guds ord, vera til hjelp i kristenliv, skapa misjonsengasjement, gje kunnskap som kan vera til hjelp med tanke på å tenkja rett og leva rett i dagens samfunn – og mykje meir.