Rektoren skapte debatt med kreasjonistisk skulebok. Nå kjem oppfølgjaren
Andreas Årikstad vil gi kristne nøklar til det gode liv i ny bok.
– Trur du at du er eit dyr som er utvikla tilfeldig, så får det andre konsekvensar for korleis du tenkjer om etikken, enn om du trur Gud skapte deg i sitt bilete og har gitt faste reglar for det gode liv, seier Andreas Årikstad.
14. november lanserer friskulerektoren og skulebokforfattaren ei ny bok om kva som gjev eit godt liv.
Artikkelen fortsetter under annonsen.
Til familie, kyrkje og samfunn
«Det gode liv» er delt opp i fem hovudkapittel:
1. Generelt om en kristens forhold til lova
2. Gjennomgang av dei 10 boda
3. Familieetikk
4. Eit blikk på utviklinga i kyrkje og samfunn
5. Å følgje Jesus Kristus
Å ikkje innrette seg etter Guds vilje, vil få konsekvensar, ifølgje Årikstad.
– Me er designa til å leve i relasjon med kvarandre, med eit føremål gjeve av Skaparen. Å innrette livet i strid med Hans vilje gjev oss eit fattigare liv, åndeleg sett, men og i mange døme fysiske eller mellommenneskelege konsekvensar.
Artikkelen fortsetter under annonsen.
Vil følgje kallet
Mange kjenner Årikstad som rektor på Jærtun lutherske friskule.
Han er også ein ivrig forfattar.
– Kva er det som driv deg i forfattarskapet?
– Menneskeleg sett kunne eg heller gjort andre ting, men eg ynskjer å leve i tråd med Guds vilje og følgje kallet som han har gjeve oss alle: Å gå ut i verda og gjer disiplar, mellom anna ved å lære dei alt det Gud har bode oss, seier Årikstad.
Forløparen til «Det gode liv», «Guds verden», skapte debatt då ho kom ut.
Her underviser Årikstad om verdshistoria «frå skaping til sluttføring».
«Guds verden» hentar kunnskap frå kristendom, religion, naturfag og historie.
Gjennom skaping, syndefall, storflaum, språkforvirring, stedfortreder, soning og sluttføring skal lesaren få eit bilde av Guds verd og Guds plan for menneska.
Artikkelen fortsetter under annonsen.
Ikkje lærebok
«Guds verden» er presentert som ei lærebok. Det er ikkje «Det gode liv».
Forskjellen på dei to bøkene er at Det gode liv ikkje er knytt direkte til kompetansemål i læreplanen.
– Men begge bøkene er aktuelle som ressursbøker, også inn i skulen, seier Årikstad.
Han trur «Det gode liv» vil vere nyttig i konfirmantgrupper, kyrkjelydar og heimar.
– Når ungdommen plutseleg lurer på eit eller anna tema er boka god å ha i bokhylla, seier Årikstad.
– Sjølv om me no har google trur eg dette fortsett er eit godt tillegg til den rettleiinga foreldre bør gje barne sine.