| Debatt
Ja til mangfald, nei til kjønnsforvirring
PROFIL: Anne Kristin Bruns er en profilert KrF-stemme i Rogaland.
Foto: Alice Tegle
Barn er barn, og skal få lov til å vere barn. Kvifor må dei ta stilling til kva kjønn dei er?
Som lita jente klatra eg opp i dei høgaste tretoppane, elska å vere ute og arbeide på garden og protesterte på at eg som einaste jente i søskenflokken måtte vere inne og hjelpe mor mi med mat og husvask. Eg likte ikkje å leike med dokker, men ville heller vere ute med brørne mine og deira kameratar.
Det var ikkje snakk om at dette var annleis eller at dette skulle opplevast som at eg ikkje fylte «jenterolla». Ei heller ble det sådd noko tvil om mi «kjønnsidentitet» som ei fullverdig ung jente. Som tenåring ville eg heller farge min far sine gamle langarma underskjorter enn å gå i blondebluse og feminine klede. Eg har aldri tenkt på at dette var rart. Eg var meg sjølv.