Kommentar
Svar til Søderlind: Frustrasjon over ateismens manglande reformkraft?
Didrik Søderlind, Human-Etisk Forbunds rådgjevar, svarar på ein kommentar eg skreiv om oppgjeret hans med den breie koalisjonen av kristne som står bak den såkalla felleskristne erklæringa om «kjønns- og seksualitetsmangfold».
Søderlind utbroderer at han mislikar måten eg skriv på, og det er heilt fair. Hadde han berre utbrodert tilsvarande når det gjeld det substansielle!
Indignasjonen over at ein kristen-kommentator brukar andre referansar enn dei som svarar til stereotypien, tek imidlertid overhand. Ut frå innlegget, bør eg knapt ha høyrt om populærkulturelle referansar, slik som «Fifty Shades of Grey».
Søderlind verkar meir oppteken av å passa på at folk som eg held oss innafor sjablongen, enn av sjølve debatten. Derfor minner eg om noko grunnleggjande: Ein litteraturreferanse er ikkje eit boktips.
Søderlinds folkeopplysing skal liksom avsløra kor skitne og upassande bøker eg refererer til. Det heile minner meir om ei undervurdering av lesarane våre.
«Fifty Shades» er her berre eit folkeleg uttrykk for femti tvilsame nyansar. Du skal ha forskansa deg i ei parallell verd i åra etter 2012 om du ikkje har høyrt tittelen. Det trengst ikkje innhaldsreferat for å kunna tulla med titlar.
At ein motdebattant kjenner detaljane i desse bøkene langt betre enn eg, lever eg derimot greitt med.
Men ettersom Søderlind også verkar forulempa over skrivestilen min generelt, nyttar eg også høvet til å minna om at mitt innlegg berre betyr at eg har andre idear.
Skulle Søderlind føretrekkja ein meir sømeleg skrivestil og forventa at skribentar i bibelbeltet utelukkande har referansar til Lille måltrost og bøker utgitt på Lunde forlag er det greitt.
Men også om han ikkje får desse preferansane innfridde: Dette er framleis eit ordskifte og ikkje eit overgrep, slik Søderlind går uverkeleg langt i å hevda.
Innlegget hans stadfester elles fleire av poenga mine. Eg skreiv til dømes om mitt inntrykk av at han nærast føler han har slite seg ut i teneste for kristne som han no delvis har gått lei av. Dette inntrykket blir forsterka når HEF-representanten omtalar eige virke som eit val om å bli «et menneskelig gnagsår», framfor å bli løfta av den nyateistiske bølgja på tidleg 2000-tal.
Elles fokuserer innlegget på at han framleis har mange vener som er knytte til kyrkja. Dette er det vel få som har tvilt på. Vi som har sett han i aksjon, veit at han truleg er ein interessant ven og samtalepartnar.
Kvifor er det brått blitt «hat» at kristne formulerer kristen etikk?
Saka her var imidlertid Søderlinds iltre oppgjer med kristne som samlar seg om heilt alminneleg kristen etikk. Han kallar det faktisk «Hatets økumenikk». Ein slik drepande karakteristikk talar eit språk som elles er langt meir brutalt enn min spøkefulle allusjon til «å gjera det slutt».
Spørsmåla heng att etter oppgjeret: Meiner han faktisk at det er noko oppsiktsvekkjande ved den felleskristne erklæringa? Kvifor er det brått blitt «hat» at kristne formulerer kristen etikk?
Poenget mitt var å påpeika det underlege at ein mann som har gått ut og inn blant kristne i årevis, no må sjalta ut ein del av dei frå venelista fordi dei gjer eit felles arbeid med å synleggjera synspunkta sine.
At Didrik Søderlind skjerpar kriteria for venelista si, er hans sak. Det skulle dessutan berre mangla at det er svært store skilnader mellom livssynet til ein leiande ateist og tradisjonelle kristne. Oppgjeret til Søderlind levandegjer det gamle uttrykket like barn leikar best.
All denne plutselege gremminga over kristne som har eit anna syn på seksualitet enn samfunnet rundt, framstår likevel underleg kunnskapsfattig. Eg ser det som ein peikepinn på at kjennskapen til dei tidlegare venene var noko mangelfull.
Men det kan sjølvsagt også vera uttrykk for frustrasjon over at ateistisk påverknad i mindre grad enn forventa har makta å «modernisera» eit så stort segment av kristne sjølv i eitt av verdas mest sekulære land.
Når eit kritisk motinnlegg blir tolka som eit overgrep, får i alle fall eg fort inntrykk av at det er ein større frustrasjon som snakkar.