| Kommentar
Tida då vi elskar kyrkja vi hatar resten av året
«Her kommer vinter'n. Her kommer den kalde, fine tida. Endelig fred å få», syng Jokke og Valentinerne.
Slik er det visst også i store deler av målgruppa til denne avisa. Når dei første snøfillene legg seg på bakken, inntrer vinteridyllen i Kristen-Noreg. Det er tida på året då teologisk kiv og kyrkjeleg strid får mindre plass enn elles. Det er tida då homodebattar og helvetesdebattar er gløymt og pinglete biskopar kan syngje med Jokke: «Endelig fred å få.»
I alle fall nesten.
Det er tida på året då eit samla kristenfolk slår ring om kyrkja som mange mislikar resten av året: Den norske folkekyrkja, skulegudstenestekyrkja.
I buskene lurar den human-etiske julenissen med sekken full av misforstått toleranse, så her er det best å slå ring om det ein har. Betydninga av ein felles ytre fiende skal aldri undervurderast.
Kampen for skulegudstenester tek opp i seg eit underkommunisert tema: Kall det gjerne den ukuelege folkekyrkjeromantikkens innebygde ironi. Kanskje handlar det om noko meir.
Studietur med dei kritiske
Å jobbe i Dagen er å vere på ein samanhengande studietur med eit folk som jamnt over er kritiske til Den norske kyrkja. På ein skala frå dei litt skeptiske til dei nesten fiendtleg innstilte finn vi vel dei fleste om lag midt på.
Det er stutt mellom karakteristikkar av biskopar som har svikta sitt oppdrag og prestar som ikkje lenger forkynner Guds ord. Kyrkjerådet blir gjerne skulda for å vere meir opptekne av å hindre oljeboring enn av å snakke om Jesus.
Dei mest ihuga i flokken legg farge til kritikken ved å kalle Den norske kyrkja for ei «skjøgekyrkje» eller skulde namngitte prestar for å vere Hamas sine nyttige idiotar.
I samla flokk
Vi har bak oss ein haust der omgrepet «felleskristen erklæring» har stått sentralt. Nokre diskuterer kor felleskristelig den aktuelle erklæringa er når det kjem til stykket, men den kan uansett ikkje måle seg med den felleskristne oppslutninga om skuleudstjenestene.
Når ein veit at desse gudstenestene er eit strategisk kontaktpunkt for folkekyrkja, blir det med eitt vanskeleg å få tak på konsekvensen i kyrkjetenkning og kyrkjekritikk.
I buskene lurar den human-etiske julenissen med sekken full av misforstått toleranse.
Kvifor blir eit nær samla kristenfolk, og gjerne med Kristelig Folkeparti og partiet Konservativt i spissen, kvar desember så venleg innstilt til Den norske kyrkja sin plass i folket?
Kvifor blir ein så overveldande og unisont positiv til at denne kyrkja skal halde kontakten med nye generasjonar av born og unge? Kvifor så opptatt av at hopehavet mellom skule og kyrkje skal førast vidare?
Vil det ikkje vere meir naturleg å glede seg over at uskuldige skuleborn blir skjerma frå påverknad av ei kyrkje i teologisk forfall? Burde ein ikkje heller takke rektorar som seier blankt nei til å sende ungane inn i wokismens høgborg?
I særstilling
Dei lett ironiske spørsmåla står altså i kø. Men kanskje må vi ut av ironien for å finne svara. Sjølv om Human-Etisk Forbund med sine årvisse markeringar bidreg til samhald i kampen mot avkristninga, trur eg hovudforklaringane ligg på eit anna plan.
For det første handlar det nok om at jula står i ei særstilling som tradisjonsberar og tradisjonsformidlar. Julebodskapen, julesongane og julestemninga har vist ein slitestyrke som ikkje let seg rokke av heite debattar i skiftande teologiske stridsspørsmål.
Sjølv ikkje dei mest liberale prestane greier vel å rokke ved dei enkle bibeltekstene om jesusbarnet i krybba og julesongane om fred på jord. Kva skade kan dei gjere i løpet av 40 minuttar med 300 viltre skuleborn i benkeradene?
Klangbotn i kjende ord
Men kanskje handlar det djupast sett om ei meir eller mindre medviten erkjenning av den unike posisjonen som ein gjerne vil at folkekyrkja skal ha i vårt folk.
Når denne posisjonen blir utfordra eller forvitrar, så merkast det ikkje berre i Den norske kyrkja sine kyrkjelydar og foreninger. Det merkast også i bedehus- og frikyrkjelandskapet.
For vekkingskristendom oppstår ikkje i eit vakuum. Den oppstår i ein kultur der referansar er attkjennelege, der appellar om omvending finn klangbotn i kjend språk. Denne klangbotnen og dette språket har i stor grad sitt utspring i det som i tidlegare tider var eit nært tilhøve mellom skule og kyrkje.
Kanskje er det den draumen me ber på, for å sitere ein kjent diktar, at folkekyrkja framleis skal spele den rolla som heile Kristen-Noreg er så avhengig av: Halde ryktet om Jesus levande.
Erkjenninga av ei slik arbeidsfordeling kan jo også vere noko å ta med seg inn i eit nytt år.