GJEST: Politikar Joel Ystebø er gjest i siste episode av podkasten "Lese Bibelen sammen"
Foto: Bjørn Olav Hammerstad
Då tårene rann på bakrommet i Dagsnytt 18, lærte Joel Ystebø ei viktig lekse
PODKAST: Trass sin unge alder har KrFs Joel Ystebø alt skaffa seg nokre viktige erfaringar som set retning for kvardagen i politikken.
I podkasten Lese Bibelen sammen er det Bibeltekstane som er den fremste snakkisen. Ystebø har eit nært forhold til Bibelen, og les i han så ofte han kan.
– For meg er Bibelen som ei stad eg er kjend, der eg har vore i mange slags situasjonar og sinnstilstandar. Som ein heim, nesten. Eit utgangspunkt for livet.
I podkastepisodane der Ystebø er gjest, er det nettopp Jesu forhold til politikk som er tema.