FÅ KONVERTITTAR: Den katolske veksten i Danmark kjem hovudsakleg av innvandring.
Foto: Odd Mehus
Sterk katolsk vekst i Danmark, men langt bak Noreg
På eit tiår har har talet danske katolikkar auka med 29 prosent.
Den nyaste medlemsoversikten til Den katolske kyrkja i Danmark viser 55.028 medlemer i 2023. Til samanlikning var talet 42.768 i 2014. Det store fleirtalet er innvandrarar frå Sentral- og Aust-Europa, skriv Kristeligt Dagblad.
Det reelle talet på katolikkar er truleg langt høgare fordi det er mange som ikkje let seg registrere.
Religionssosiolog Michael Brixtofte Petersen ved Universitetet i Aarhus påpeikar at Den katolske kyrkja i Danmark framleis ikkje har prestar som spesifikt tek tak i utfordringar som kan oppstå i møtet mellom forskjellige kulturelle former for katolisisme.