Blir godt kjende på internatskule
Har du lyst på ein spanande, utfordrande, innhaldsrik og sosial kvardag? Vil du oppleva noko nytt? Bli kjent med nye ungdommar? Få god undervisning på skulen? Vera i eit miljø prega av kristne verdiar? Vi i Misjonssambandet Skolerjobbar for at elevane våre skal få oppleva nettopp dette. Vil du prøva?
På tolv skular over store delar av landet jobbar vi med å leggja til rette for at du skal få eitt, to eller tre gode år hjå oss. Vi tilbyr dei fleste programområdainnanfor vidaregåande opplæring. Ni av dei tolv skulane våre har internat. På desse skulane bur du saman med mange andre, på anten einerom eller dobbeltrom. Det betyr altså at ja, du er heimefrå, men sjeldan åleine! Ein et mange av måltida i lag, og elevane brukar mykje av fritida saman.
«Fantastisk!», «Heilt konge!», «Veldig lærerikt!» Slik omtalar gjerne elevane tida på Misjonssambandet skoler. Og det er målet vårt –at du skal trivast og læra, i eit trygt og godt miljø.