DRIFTIGE: F.v.: Torger Lauvvik, Daniel Askvik, Thomas Gard, Jonas Tveita, Tobias Lunde, Simen Urstad, Magnus Edland Eikrem og Håkon Sivertsen Lauvsnes.

17-åringane vil gjera storslått entré på Skjærgårds i sjølvmekka campingvogn

Ved hjelp av ein firhjular skal dei dra campingvogna frå Jæren til kristne leirar over heile Sør-Noreg denne sommaren.

Publisert Sist oppdatert

Ikkje har dei bil og ikkje har dei lappen.

Men campingvogn, det har dei.

16- og 17-åringane frå Rogaland har kjøpt og totalrenovert ho på eiga hand.

– Det skal vera ei campingvogn til Guds ære, slår Simen Urstad fast.

I vogna er det tre reglar.

1. Det er ikkje lov å banne

2. Alle som vil er velkomne inn fellesskapet i vogna

3. Kvar dag skal slutta med bibel og bøn.

Urstad klappar kjærleg på den kvitmalte campingvogna, som han og kompisane har dekorert med bibelvers, flagg (førebels berre norsk. Det kjem eit israelsk flagg etter kvart) og bilde med kontaktinfo til eigarane.

HEILE GJENGEN: Camping-gutane har skrive ut og laminert bilde av seg sjølv, saman med informasjon til kvar enkelt sin Snapchat-konto.

Campingvogna har fått namnet «Reidun» etter Urstad si farmor.

TRYGT: Det skal vera godt å koma inn i campingvogna, som har fått namnet «Reidun».

– Me forbind namnet Reidun med noko godt. Alle skal skjøna at det er trygt å koma inn i denne campingvogna, seier Urstad.

Med «alle» meiner gutane:

– folk dei evangeliserer for på veg til sommarleirar

– folk som ønskjer eit inkluderande fellesskap på leir

– damer i passande alder.

– Kan bli ampert

Inne i maskinhuset på heimegarden til Magnus Edland Eikrem, utanfor Sandnes, har dei brukt ettermiddag, kveldar og netter for å klargjere Reidun.

Når Dagen kjem på besøk er det berre finpussen som står ått.

Eit knust vindauge må fiksast.

SKAVANKAR: Framleis står att litt arbeid før Reidun er festivalklar.

Og eit klistremerke frå den kristne organisasjonen YoungLife skal opp på veggen.

GRUNDIG: YoungLife-klistremerket skal opp.

Ei smal sak, skulle ein kanskje tru.

Men nei.

Ingenting må overlatast til tilfeldigheitane.

Skal klistremerket klistrast fort på, for å sikre framdrift, eller skal dei gå grundigare til verks, for å unngå at Reidun ser «rosjen» og slurvete, ut?

Gutane diskuterer høglydt.

– Me kranglar ikkje, understrekar Thomas Gard.

ENGASJERT: Thomas Gard.

– Men stemninga kan bli litt amper, legg han til.

Løysingsorienterte

I arbeidet med Reidun har gutane lært seg å finne kompromiss.

Som til dømes med spikrane, som stikk ut frå eine sida av campingvogna. I staden for å trekke dei ut og kjøpe nye, kortare spikrar, for så å slå dei inn igjen, finn Eikren fram vinkelsliparen.

Han fiskar opp eit par raske solbriller frå bukselomma og set i gang.

FØRETAKSAM: Magnus Edland Eikrem.

På få sekund har Reidun fått ansiktsløftinga ho treng.

Store endringar

Som festivaldeltakarar flest, hadde gutane tenkt å sova i telt, då dei kom opp med ideen om campingvogn.

Tobias Lunde la ut ei annonse på heimbygda si Facebook-side og ikkje lenge etter var dei 3000 kroner fattigare og eigarar av ei campingvogn frå 1984.

Dobbeltsenga og kjøkkenet, som var i vogna frå før, var ikkje optimalt for åtte gutar på evangelisering og damejakt.

Dermed starta dei totalrenoveringa.

Nå ser Reidun slik ut inni:

LAGA SENGENE SJØLV: Daniel Askvik (17) og Jonas Tveita (17).

Her finst åtte plassbygde senger, lagerplass og knaggar, blå led-lys, straumuttak til mobillading, og på heidersplassen: Jesus.

INNI CAMPINGVOGNA: Ein hardtarbeidande handverkarar finn kvile i senga under Jesus-bildet.

17-åringane står for alt av design, snikring og det elektriske arbeidet sjølv.

Torger Lauvvik finn fram eit excel-ark på mobilen og slår fast:

– Me fører rekneskap og har oppretta ein eigen bedriftskonto for å halde orden.

Han viser fram bankkort som tilhøyrer verksemda deira.

– 14600 kroner har vogna kosta til nå. Eller 16000, for å vera heilt nøyaktig.

Utgiftene dei ikkje har klart å dekka inn med sponsormiddel, har dei betalt for sjølv. Gutane arbeider som avløysarar på fritida.

Samarbeid

På Skjæveland er campingvogna endeleg klar til å luftast. Klistremerka sit som dei skal.

FART: Flammane på campingvogna skal symbolisere fart.

Nå gjeld det berre å festa vogna på UTV-ein.

KLARGJER TIL AVGANG: Campingvogna Reidun skal prøvekøyrast.

UTV står for Utility terrain vehicle og blir ofta brukt til nyttearbeid, som frakting av utstyr, som eit landbruksverktøy eller til flytting av tung last i ulendt terreng.

– Misjonstur

Det er trongt for Reidun på veg ut av verkstaden, men gutane veit råd.

Det er berre å losne flagget som stikk ut til sida og leggje det frå seg på golvet.

TRONGT: Flagget må av på veg ut av verkstaden.

Så rullar dei av garde rundt fjøset på Skjæveland.

FESTIVALKLAR: Campingvogna Reidun.

Om Reidun held ut heile vegen frå Jæren til Skjærgårds i Tvedestrand vil vise seg.

Med traktorlappen kan gutane berre køyre 40 kilometer i timen med UTV-ein.

Dei må derfor ta omvegen over fjellet. Ei heil dagsreis reknar dei å bruke til Tvedestrand, men det tek dei med eit smil.

KONGANE AV CAMPINGPLASSEN: Simen Urstad og Håkon Sivertsen Lauvsnes.

På vegen håpar dei å treffe mange som er nysgjerrige på israelflagget og bibelversa på campingvogna.

– Det er jo ein slags misjonstur, dette her, seier Håkon Sivertsen Lauvsnes (17).

Gutane satsar på å få med seg Krik arena, UL, Skjærgårds og Lyngdal bibelcamp denne sommaren.

Powered by Labrador CMS