ANNA LAILA SKUM: Blei kalla av Gud til å drive gjestgivargard i Kautokeino.
Alice Tegle
Anne Laila hadde mista håpet. Så dukka Svein-Magne Pedersen opp på skjermen
Krystallar, tarotkort og ein omstridd mirakelpredikant. Anne Laila Skum prøvde alt i jakta på eit nytt og betre liv.
«Sjå, eg gjer noko nytt. No spirer det fram. Merkar de det ikkje? Ja, eg legg veg i ørkenen, elvar i øydemarka», heiter det i søndagens tekst, som er teke frå Jesaja 43: 16–21.
Jesaja formidla orda frå Gud, til Israelsfolket, då dei var i eksil i Babylon om lag 700 år før Kristus.
Men samiske Anne Laila Skum har merka at bodskapen også gjeld henne og gjestgiveriet hennar ved Finnmarksvidda i dag, 2024 år etter Kristus.