50/50: Halvparten av det kristne leiarforumet i Egersund er kvinner. F.v. Prost Ingun Stokstad Barane, offiser Anita Gerber i Frelsesarmeen, Puls-pastor Rebecca Andreassen og pastor Silje Sommer i Evangeliehuset.
Helene Reite Uglem
Dei leier kvar si kristne forsamling i byen: – Menn kan heve stemma meir, utan at det gjer noko
Halvparten av pastorane i «Egersund kristne leiarforum» er kvinner. No opnar dei opp om kvinnehelse, klesval, kall og korleis dei eigentleg har det.
I eit trongt smau, midt i Egersund sentrum, bak ei knirkete dør det står «Puls» på, sit ein prost, to pinsepastorar og ein offiser.
Puls-pastor Rebecca Andreassen har sett fram koppar og kjeks. Og ein lipgloss.
Ingun Stokstad Barane er prost i Den norske kyrkja, Anita Gerber er offiser i Frelsesarmeen, Silje Sommer er pastor i Evangeliehuset og Rebecca Andreassen er pastor i Puls Egersund.