KORGUTAR: Benjamin Gjøtterud (16), Børge Vold (14), Markus Kimon Løvik (16), Lukas Vågen (16), Estin Nisja Lundeby (16) og Thomas Bø (16) møtes ein gong i månaden for å synge i kor.
Alice Tegle
Denne gjengen er dei einaste gutane blant 70 jenter i Noregs største Soul Teens-kor: – Det er magisk
Oppfordrar fleire gutar til å dyrke musikkinteressen i kor.
«Kom igjen, fram med sexy voicen nå», seier korleiar Bjarte Svanes Pedersen til dei seks gutane kjellaren i Frøyland Orstad kyrkje på Jæren.
Dei lar seg ikkje be to gonger.
Lure smil brer seg, ryggar rettar seg og stemmar blir lagt ned eit hakk.