STRAKS KLAR: Ellen Inger Gaup (14) tar ein siste kikk i spegelen før konfirmasjonsgudstenesta startar.

Ellen Inger (14) gjer seg klar til konfirmasjon: – Det kjennest rett å gjera det i kyrkja

15-åringar over heile landet førebur seg til konfirmasjon om dagen. Samiske Ellen Inger Gaup i Kautokeino er ei av dei.

Publisert Sist oppdatert

Det er 16. mars og straks klar for konfirmasjon i Kautokeino kyrkje.

For flyttsamar er dette ei roleg tid, før dei tek reinflokken mot kysten over påske. Våren er derfor høgsesong for både bryllaup og konfirmasjon.

I kyrkjelydshuset like ved har konfirmantane teke plass for å få siste informasjon før seremonien startar.

Konfirmasjon i Kautokeino kyrkje mars 2024: Konfirmasjon i Kautokeino kyrkje mars 2024

Kateket Ellen Aina Eira set fram ein spegel slik at konfirmantane kan ta ein siste kikk på seg sjølv, før dei set kursen mot kyrkja.

Så fortel ho spente konfirmantar om kva som skal skje den neste halvanna timen.

Alle let til å lytte oppmerksamt.

Ikkje alle kjem på tida. Det tek kateketen med stor ro.

– Ikkje stress, seier ho.

– Ingenting startar før vi kjem.

Rundt bordet byrjar konfirmantane å gjere seg klare.

Samiske ungdommar får sydd kofte til konfirmasjonen, med detaljar som viser kva slekt dei høyrer til, sivilstand og kor i Sápmi dei er ifrå.

Gutane, som har Kautokeino-kofte har ei sašávká, eller lue på hovudet. Sašávkáen har ei stjerneforma pull med fire oppståande tuppar eller «hjørner» som stikk ut til sidene. I høve konfirmasjonen er ho pynta med lange band.

Konfirmantane får beskjed om å ta av hovudplagga før dei går inn i kyrkja.

– Ein har ikkje hatten på i kyrkja, fastslår Eira.

Nå står det berre att å ta ein siste kvalitetssjekk i spegelen.

Så er dei klare.

I sakte prosesjon går dei unge opp til kyrkja.

Høgtidsstemninga senkar seg over flokken.

Nå høyrest berre kyrkjeklokkene.

Inne ventar familie og fadrar spent.

I samisk kyrkjeliv er fadrane sentrale. Dei kan til dømes ha ein oppdragande rolle overfor fadderbarnet.

Prest Erik Skjernøy talar om Josef og Maria, begge anonyme, men Gud såg dei.

– Dei gjekk inn i kallet, og dei vandra saman med Gud, seier han.

Vidare fortel han om Hagar som blei utstøytt frå husfolket og ropte sin naud til Gud, som lova henne at ho skulle bli til eit stort folk.

– Gud ser ikkje kor flink du er eller kva du har oppnådd i livet. Gud vil bruke alle dei som vil. I si teneste. På kvar sin måte.

Skjernøy samanfattar:

– Maria fødde Gud sin son. David blei ein viktig konge og krigar i Israel. Og Hagar slo seg til ro med løftet om at ho skulle bli til et stort folk. Dei fekk kvar sitt kall. Det var ikkje lett for nokon av dei, men Gud leia dei, steg for steg.

Presten ber om at konfirmantane skal få erfare at Gud bryr seg om kvar enkelt, og at dei skal få eit levande bønneliv.

Så stemmer kyrkjelyden i ein salme med røter heilt tilbake til 1600-talets Tyskland:

«Velt alle dine veie

og all din hjertesorg

på ham som evig eier

den hele himmelens borg.

Han som kan stormen binde

og bryte bølgen blå,

han skal og vegen finne,

den veg hvor du kan gå».

Med korset og Bibelen i handa kan 15-åringane i Kautokeino gå inn i dei vaksne sine rekkjer.

Inger Ellen Inger Gaup (nedst til venstre på bildet over) var ikkje i tvil om kor ho ville stå konfirmant.

– I min familie har alle konfirmert seg i kyrkja og alle skal konfirmere seg i kyrkja. Det kjennest rett for meg, seier ho.

Powered by Labrador CMS