VEKST: Atle Weibell Fleire opplever at fleire melder si interesse til Tempel Ridder Ordenen i Stavanger som følge av meir aktiv rekruttering.
Helene Reite Uglem
Fleire vil bli tempelriddarar: – Ei hjelp til heilaggjering
I Kong Haakon-tempelet tek Atle Weibell og dei 30 tempelriddarane vare på kvarandre og sitt indre tempel.
Døra knirkar idet Atle Weibell opnar inngangen til eit eldgammalt murbygg i Møllegata i Stavanger. Ein liten rusletur unna ligg den berømte «lysløypa» i byen, der barane ligg tett og som blir til ein «dyrehage» fredags kveld, ifølgje politiet.
Kontrasten er stor til riddartempelet Kong Haakon. Her er fråhald frå alkohol eit ufråvikeleg krav.
Jamleg florerer det meiningar om kva Atle og brørne driv med bak den lukka døra inst i lokalet.