Ingen konfirmerer seg humanistisk i denne kommunen
– Eg blei døypt i kyrkja, eg skal konfirmere og gifte meg her. Og når eg døyr, skal eg gravleggjast i kyrkja – fordi det er trua mi, fastslår konfirmant.
Skallar, søljer og pesk. Lipgloss, belingar og kors.
Våren er komen til vidda, og i Kautokeino er det tid for konfirmasjon – i kyrkja, så klart.
Trassar trenden
Kristeleg konfirmasjon står sterkt i den samiske hovudstaden nær finskegrensa.
Her vel ingen 15-åringar å konfirmere seg humanistisk.
I resten av landet stig talet på humanistiske konfirmasjonar kvart år.
Human-Etisk Forbund (HEF) kan feire nok eit rekordår, med 15.229 humanistiske konfirmasjonar denne våren, opp 176 frå fjorårets rekord.
Dei siste fire åra har talet på 15-åringar som konfirmerer seg humanistisk, stige med 2.744.
I ein del byar er det nå fleire som konfirmerer seg gjennom HEF enn hos Den norske kyrkja.
Flest humanistiske konfirmantar er det i Oslo.
HEF hadde i fjor 2.008 konfirmantar i hovudstaden. Den norske kyrkja (Dnk) hadde 1.693 konfirmantar, ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå og Dnk.
Stader der alle konfirmerer seg i kyrkja
Dnk har berre tal frå i i fjor.
Andelen kyrkjelege konfirmasjonar blant 15-åringar er svakt fallande dei siste åra: 2020 (52,3 prosent), 2021 (51,7 prosent), 2022 (49,9 prosent) og 2023 (47,9 prosent).
Men så finst det også kommunar der 100 prosent av 15-åringane konfirmerte seg i Den norske kyrkja i fjor.
Dette er Vega, Træna, Røst, Modalen, Solund, Osen, Leka, Hægebostad og Kautokeino.
Høgtida senkar seg
Tradisjonen tru er det stille i Kautokeino kyrkje medan benkeradene fyllest opp.
Når det er mange nordmenn på besøk, er det langt meir snakking i kyrkja, skal vi tru dei lokale.
Men her, på vidda, rår høgtidsstemning i kyrkjerommet.
På fremre rad sit konfirmantane fordjupa i arka dei har fått delt ut, jentene på eine sida, gutane på andre.
På arka står det spørsmål og svar om personleg trusliv, konfirmasjon og dåp, dei ti boda, nattverden, gudsteneste og preik. Spørsmåla har dei fått i lekse å svare på heime. Snart skal dei lese opp kvarandre sine svar for kyrkjelyden.
Kyrkjeklokkene kimar.
Ein eittåring iført kofte og dinglande sølje held seg for øyra. Ei gråhåra kvinne tvinnar tommeltottar.
Det er nå det gjeld.
– Derfor konfirmerer me oss kyrkjeleg
Seks og seks stiller konfirmantane seg opp og les opp kvifor dei har vald å konfirmere seg i kyrkja:
– Fordi eg er oppdratt i den kristne trua, svarer ein.
– Fordi kyrkja er ein heilag stad, svarer ein annan.
– Eg er kristen og vil vise at eg er Guds barn.
– Litt på grunn av religion og litt på grunn av tradisjon.
– Eg er konfirmert i kyrkja, og derfor skal eg konfirmere meg her. Eg skal gifte meg i kyrkja, og når eg døyr skal eg gravleggjast i kyrkja. Fordi det er trua mi.
Konfirmantane får også spørsmål om kva av dei ti boda som er enklast og vanskelegast å halde. Dei svarer på kven som kan gå til nattverd, om kva det viktigaste Jesus gjorde var og kva som skal til for at ei preik og ein gudsteneste er god.
– Korleis tenkjer du at Gud er?, les ein av konfirmantane opp.
«Snill» er adjektivet som går igjen oftast, men også «sterk, modig, stor og mektig»
– Kjenner meg sett i kyrkja
Klokka går medan konfirmantane les opp svara sine. Ingen familiemedlemmar reiser seg opp for å filme eller ta bilde.
Stilla rår framleis i kyrkjerommet.
– Kva kjensler har du når du kjem inn i ei kyrkje, spør ein konfirmant.
– Eg kjenner eg må vere snill, svarer ein.
– At Gud er med meg, svarer ein annan.
– Eg blir glad og kjenner meg sett, seier ein tredje.
Og ein fjerdemann:
– Eg kjenner fred inni meg, og at eg kan vere den personen eg er.
Andre konfirmantar igjen kjenner seg «avslappa og trøytt», at «alt stresset forsvinn» eller at «eg kjenner meg trygg».
I samtalegudstenesta deler også konfirmantane sine framtidsdraumar:
– Eg ønskjer at det blir fred i verda, og at eg arbeider med reindrift, seier ein.
– Jobb, kjærleik og fin familie, svarer ein annan.
– At eg lever eit langt og fint liv, at eg får barn, og at dei også får tru på kristendommen, lyder eit tredje svar.
Preikar om personleg trusliv
Etter ein snau time med samtale er prest Erik Skjernøy klar med preika.
Som preiketekst har han vald «kom til meg, alle de som strever og har tungt å bere».
– Jesus seier: Lær av meg og de skal finne kvile for sjela, seier Skjernøy.
I benkeradene har ettåringen, som heldt seg for øyra då kyrkjeklokkene kima, lagt seg til rette i mammas armar for ein liten høneblund. Den eldre kvinna som tvinna tommeltottar finn fram leppestiften.
Ei ung kvinne tar ein diskret kikk på mobilen.
– Det å vandre med Jesus er å vere i ein læringsprosess, med mange lys undervegs, men også med kampar, held presten fram.
Han snakkar om kjensler som går opp og ned i ungdomstida, og opplevinga mange har av at vener og foreldre endrar seg.
Han råder kyrkjelyden å søke råd hos Gud og ber:
«Takk for at me alltid kan komme til deg og for at du kjenner oss betre enn me kjenner oss sjølv. Takk for at dine råd er til det beste for oss og våre medmenneske».
Ber om tilgjeving for synd
Konfirmantane tek opp tråden der presten slepp og tar fatt på siste runde med spørsmål og svar, som handlar om bøn.
Dei avsluttar med å be sine eigne bøner.
Dei takkar for mat, hus og familie og for at Jesus døydde på korset for syndene deira.
Dei ber om tilgjeving for banning, for å tenkje stygt om andre og for å vere eit dårleg søsken.
To timar seinare er samtalegudstenesta over.
Set tradisjonar høgt
Dagen treff konfirmant Ellen Inger Gaup (14) og mor Ellen Karin Marjana Gaup (37) etter vel overstått feiring.
Ellen Inger fortel kvifor ho valde å konfirmere seg i kyrkja.
– Det er rett for meg.
– Heile familien min har blitt konfirmert i kyrkja og skal bli konfirmert i kyrkja, utdjupar ho.
Kyrkjeleg konfirmasjon er viktig i heimbygda, ifølgje mor:
– Vi er veldig truande her i Kautokeino, så kristeleg konfirmasjon er ikkje noko vi ein gong vurderer. Det er berre slik det er.
Vil ha ungdomstilbod etter konfirmasjonen
Ofte følgjer heile familien konfirmantane sine på alle dei obligatoriske gudstenestene gjennom konfirmasjonstida.
– Kjem du til å gå i kyrkja etter konfirmasjonstida er over og, Ellen Inger?
– Ikkje så ofte, men sjølvsagt drar eg dit somme gonger, seier ho.
Det er ikkje mange unge i benkeradene i Kautokeino kyrkje ei vanleg søndagsgudsteneste.
Mor har ein teori om kvifor.
– Kanskje talane kunne vore meir inviterande. Tenk om dei hadde eit eige opplegg for ungdommane, etter konfirmasjonstida var over. Dei kunne hatt ein liten kafe eller samlingsplass til alle ungdommane. Kven veit? Kanskje fleire unge hadde blitt med vidare, seier ho.
Tar vare på tradisjonane
I kyrkjelyden er det delte meiningar om tradisjon og nytenking.
Kyrkjetolk, forkynnar og kyrkjelydsveteran, Aslak Anders Siri, meiner at kyrkja skal halde på tradisjonar og lære.
– Sjå berre kva som har skjedd i kyrkja sørpå når dei har prøvd å tekkjast yngre generasjonar, åtvarar han.
Over 100 prosent oppslutning
Tradisjonar eller nytenking – når våren kjem, er det til kyrkja Kautokeino-konfirmantane, og deira familiar, søkjer.
I 2024 er det 37 15-åringar som soknar til Kautokeino.
Alle desse, pluss fire gjestekonfirmantar, konfirmerer seg i kyrkja.