BRENN FOR TRUSFORSVAR: Joakim Sundnes og Anette Thingbø Sundnes heime i Lyngdal vinteren 2025 i samband med utgjevinga av trusforsvarsboka «Hva tror du egentlig?».
Foto: Alice Tegle
Joakim skulle inn i toppfotballen og evangelisere. Då kom tvilen
Nå er han og kona, Anette, aktuelle med boka dei sjølv sakna då kristenbobla sprakk.
Haugesund, hausten 2011: Etter tre år på den kristne vidaregåande skulen KVS Lyngdal er 19-åringen frå Lyngdal beinklar – for nye venskap, for ein karriere i toppfotfallen og for å vinna sjeler for Jesus.
Nye vener fekk han.
Men proffdraumen brast og månadane gjekk utan å ha overtydd nokon rundt seg om Gud.