HEIME: I Ålgård kyrkje låser ungdommar seg inn og ut som dei vil. (Fra venstre) Natalie Efteland og Johanne Mundal har vore frivillige i fleire år.
Helene Reite Uglem
Johanne (16) og Natalie (18) har eigne nøkkelkort til kirka: – Eg er meir her enn heime
350 ungdommar er innom Ålgård kyrkje på ei veke. Fleire av dei er med som frivillige og har kyrkja som sin andre heim.
– Ein gong var eg her 37 timar i strekk, seier Natalie Efteland (18).
– Vi har til og med gått rundt i pysjen her.
Det er open ungdomskjellar i Ålgård kyrkje. Natalie Efteland er på plass saman med venninna Johanne Mundal (16).