LEVDE LIVET: – Eg ville gå mine eigne vegar. Og eg ville i alle fall ikkje bli bunden av å gå i kyrkja, seier Kjellaug Sunde Molnes.
Kari Fure
Kjellaug gjekk til nattverd. Så angra ho
Ei oppleving heime på kjøkkenet fjerna tvilen. – Gud viste meg at eg var god nok.
– Når eg ser tilbake på det snirklete livet mitt, ser eg at Gud har gått bak meg heile tida. Takk vere bønene til mor og besteforeldra mine, seier Kjellaug Sunde Molnes.
Vi møtest heime hos henne i Oldedalen. Dei bratte fjellsidene er kvite av snø. Vegen opp til huset er spinnglatt, fordi det har kome frost etter mildvér.
Men frosten har sine fordelar. Den gjer at skredfaren minkar. Folket i dalen treng ikkje vere like mykje på vakt som dei elles må på seinvinteren.