BEREDSKAPSHAGE: Slik ser hagen ut på sommaren, men Anders og Barbro Nordrum er sjølvforsynte med grønnsaker heile året. Såinga byrjar i januar.
Foto: Øystein Klausen
Klare for matvarekrise: – Ville gjere det for Herren
Medan andre gjekk ut og hamstra boksemat i april 2020, tok det kristne ekteparet Anders og Barbro Nordrum heller trillebåra fatt og gjekk ut i hagen.
– Då vi fortalde om ideen om å lage beredskapshage, var det nokon som lo. Hadde vi byrja med dommedagsprofetering og prepping? Men då pandemien kom nokre år etter, var det mange som kom tilbake og sa dei ikkje lo lenger, seier Anders Nordrum.
Han er tidlegare lærar ved Normisjon-skulen Gjennestad gartnarskule.
Det var ikkje frykt som gjorde at han og kona Barbro planta beredskapshage og starta firmaet Datsja i 2016, eit konsept som skal inspirere folk til å dyrke mat frå nord til sør, i både små og store hagar.