HJARTESAK: Solfrid Nikolaisen (t.v.) og Jorunn Skjønberg Torsvik har vore glade i «Elieser›-båtane gjennom livet.
Foto: Tore Hjalmar Sævik
Solfrid og Jorunn har samla inn til flytande bedehus heile livet
Tida renn ut for «Elieser 6», men eldsjeler håpar på ein erstattar - eller eit mirakel.
Snøen er trakka hard på den smale passasjen ned mot kaien på Vik i Øygarden. Her ute i havgapet vest for Bergen har Betelskipet «Elieser 6» ligge mykje dei siste par åra. Økonomien har vore for stram til ordinær drift.
Denne januarkvelden skal det vere julefest. I ein grøn handlepose har Jorunn Skjønhaug Torsvik med kransekake og andre ting som trengst.
– Eg måtte opp til bedehuset for å finne parkering, fortel ho.