GRAVIDITET: Initiativtakarar til Velg Livet, Tone-Lise Frantzen og Vera Valencia Osen.
Foto: Bjørn Olav Hammerstad
Tone-Lise og Vera strekkjer ut ei hand til gravide kvinner
- Me har eit hjarte for det ufødde liv og for mødrene som står i ein vanskeleg livssituasjon, seier Vera Valencia Osen og Tone-Lise Frantzen.
Under parolen «Velg Livet» har mellom andre Tone-Lise Frantzen og Vera Valencia Osen oppretta eit tilbod i Bergen for kvinner som opplever uønskt graviditet.
- Eg opplever at det finst få tilbod for desse kvinnene. Når ei gravid kvinne er usikker på kva ho skal gjera, kan abort ofte bli framstilt som den enkle utvegen, seier Vera Valencia Osen, som er utdanna sjukepleiar.
Osen og den pensjonerte fysioterapeuten Tone-Lise Frantzen ønskjer difor å tilby desse kvinnene hjelp og støtte i det som kan opplevast som ei livskrise.