For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

Anmeldelser

Erik Varden, katolsk biskop i Trondheim, er ute med to nye bøker dette året. Den eine har gitt Dagens meldar trong til å handla.

Åtvaring: Ei bok som kan føra til uventa handling

Eirik Vardens nyaste bok er døme på litteratur som samlar oss, og som dessutan heilt uventa førte denne lesaren på sporet av ein vane frå ungdomstida.

Publisert Sist oppdatert

For etter å ha lese ferdig, enda eg altså opp med å bestilla altfor dyrt brevpapir og konvoluttar av beste kvalitet frå ein nettstad som såg ut til å ha greie på slikt. Men denne innkjøpstrongen kan vi komma tilbake til.

Erik Varden er katolsk biskop i Nidaros, der han har vore sidan oktober 2020, etter at han året før fekk besøk av pave Frans´ såkalla nuntius, altså sendebod, som forkynte at han var utnemnd til ei stilling som ville rykka han opp frå livet i engelsk eksil og føra han tilbake til heimlege kystar.

Varden har, sidan si første bokutgjeving i 2018 The Shattering of Loneliness (den norske utgåva heiter «Lengsel er mitt vesen»), markert seg som ein på alle måtar eminent og eigenarta bidragsytar til den norske floraen av oppbyggeleg litteratur.

Powered by Labrador CMS