Anmeldelser

WALGERMO: Alf Kjetil Walgermo er journalist og forfattar.

Barnebibel for både barn og vaksne

Publisert

Det å skrive barnebibel er ei stor oppgåve. I seg sjølv er det jo nærast ei sjølvmotseiing – «eg har skrive ein bibel». Jaha? Men akkurat som forkynnarar gjer både utval, forenklingar og fortolkingar, gjer også barnebibelforfattarar det.

Respekt og fingerspisskjensle

Dei siste vekene har eg lese gjennom «Barnebibelen» av Alf Kjetil Walgermo saman med borna heime. Det gjer eg gjerne igjen. Walgermo møter tekstane med respekt, han dukkar ikkje unna det vanskelege, og han får fram nerven i bodskapen.

Det han gjer, er meir krevjande enn å skrive preiker for vaksne. Det ligg i barnebibelen sin natur at han må vere relativt kortfatta. Då må han også vere presis. Samtidig skal forfattaren gjere komplekse emne tilgjengelege, utan å banalisere.

BIBEL: Alf Kjetil Walgermo har skrive tekstane i Barnebibelen. Anna Fiske står for illustrasjonane.

Det krev både kompetanse og fingerspisskjensle. Etter å ha lese boka er det mi vurdering at Walgermo har gjort seg god bruk av begge deler.

Når ein les teksten, tenkjer ein ikkje automatisk gjennom kor mange vanskelege val som kan liggje bak danninga av ein flytande og samtidig autentisk tekst.

Eg har mange gonger undervegs stoppa opp og streka under enkeltsetningar som særleg presist uttrykkjer noko som ein med vakse språk kanskje hadde brukt mange fleire ord på å seie.

Tillit til Gud

For eksempel når han skriv om skapinga at Gud skapte menneska i sitt eige bilete «så dei likna på Gud sjølv». Eller frå historia om Noas ark: «Dei tok ikkje vare på naturen.»

Eller i historia om Abraham og Isak: «Det heile hadde vore ein test for å sjå om Abraham hadde tillit til Gud.»

Her er det eit tilleggsmoment at eg er glad Walgermo har teke denne teksten med. I nokre nyare barnebiblar er han ikkje med. Og dette er ein svært utfordrande tekst. Men slik born har høyrt historia om Abraham og Isak gjennom generasjonar, er det betre at born også i dag frå tidleg alder lærer seg å kjempe med denne teksten.

Det er fint når vi les om Moses at «Då høyrde han Guds stemme», enkelt og klart. Og om Salomo at han «bad ikkje om rikdom, men om eit lyttande hjarte». Tenk om fleire av oss kunne vore slik. Eller om Jona: «Då forstod han at det ikkje går an å rømme bort frå Gud». Slik er det jo.

Alle desse poenga kunne vore utbroderte. Slik er det jo også i bibeltekstane vi vanlegvis les.

… trudde dei

Eit anna eksempel er Jesu formaning om å elske sine fiendar i Bergpreika. Der skriv Walgermo: «Ver snill mot alle». Så enkelt, og samtidig så vanskeleg. Det er lett å vere snill mot dei som er snille mot oss. Det er vanskelegare å vere snill mot dei som ikkje er snille mot oss. Det veit born like godt som vaksne.

Eit anna slikt gullkorn finn vi i historia som nett var preiketekst i kyrkjeåret, om den lamme mannen som blei firt ned til Jesus gjennom eit hol i taket. Om dei skriftlærde skriv Walgermo: «Dei kunne mykje om Gud, trudde dei». Dei to siste orda gir også vaksne lesarar litt å tenkje på.

Walgermo legg inn ein klok teologisk refleksjon når han skriv at «Jesus hadde makt til å vekke opp døde, men han gjorde det ikkje ofte.» Det er korrekt. Her kan ein seie at Walgermo opptrer både som fortolkar og sjelesørgjar

Jenter og kvinner

Då han blei intervjua i samband med lanseringa i fjor haust, la Walgermo mellom anna vekt på at han ville ha ein barnebibel kor fleire av Bibelen sine historier om jenter og kvinner er med. I 2020 kom han ut med boka «Bibelens kvinner».

Ein vaken lesar vil leggje merke til at det er spor av denne vektlegginga i utvalet av tekstar. Det står for eksempel om dronning Vastji, som var gift med kong Xerxes, at ho «hadde følgt hjartet sitt og gjort det som var rett. Mannen hennar skulle ikkje få bestemme over henne, sjølv om han var konge. Det var ho som bestemte over seg sjølv.»

Det står at «Jesus hadde også kvinnelege disiplar som følgde han rundt overalt», og i historia om kvinna som var gripen i ekteskapsbrot les vi at «Farisearane var veldig opptatt av å følgje dei gamle religiøse lovene til punkt og prikke. Mannen i det ulovlege forholdet brydde dei seg ikkje med.»

Det siste står ikkje eksplisitt i Johannesevangeliet. Dette er eit eksempel på at Walgermo opptrer som fortolkar, men han gjer det på ein skjønsam måte. Han løfter fram poeng som er velkjende for bibellesarar, og han legg ikkje inn i teksten noko som ikkje er der frå før.

Lite om breva

Ein kan alltid diskutere kva for historier som skulle eller ikkje skulle ha vore med, og ein kan alltid peike på noko ein saknar. Den nytestamentlege brevlitteraturen er berre heilt kortfatta omtalt. Men det er ikkje så rart heller, sidan mykje av breva handlar om å formidle teologisk tenking som det ikkje utan vidare er lett å gjere tilgjengeleg i barnebibelformat.

Av same grunn er det ikkje med mykje frå Openberringa. Men litt er med. Og her vil eg gjerne sitere, fordi det er så vakkert: «Jorda blei skapt fullkommen, ei blå og grøn perle i universet. Menneska har fått i oppdrag å ta vare på henne. Sørgje for at jorda er ein god og trygg stad. Og jorda vår er god når vi er snille med kvarandre. Når trøystar dei som græt og har det vanskeleg. Når vi tar vare på kvarandre og alt rundt oss.»

Også æva er med, naturleg nok: «Ein dag skal jorda bli ny. Alt det vonde skal forsvinne. Slik var visjonen til Johannes. Og slik var Guds plan frå begynninga.»

Dette er få ord om store spørsmål, men det er ei god innleiing til vidare samtale og bibelstudiar.

Teikningane

Eg hadde forresten tenkt at eg måtte ha med nokre ord i denne meldinga om at eg ikkje kjenner meg kapabel til å gjere nokon fagleg vurdering av Anna Fiske sine flotte teikningar i boka.

Men sjuåringen heime gjorde jobben enklare for meg. «Pappa, det er veldig fine teikningar. Dei hjelper oss til å forstå teksten», sa ho. Nettopp.

Anmeldt/Bok

Alf Kjetil Walgermo og Anna Fiske

Barnebibelen

Samlaget 2022

203 sider

Powered by Labrador CMS