For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

| Kultur

Bibelbasert om det gode livet

BOK: Det er ikkje opplyst kva målgruppa for boka er, men etter språkbruk, temaval og utstyr, tenkjer eg det primært er unge kristne frå ungdomsskulen og oppover, skriv Johannes Kleppa.
Publisert Sist oppdatert

Andreas Årikstad har skrive bok med tittelen «Det gode liv», og med undertittel «Etikk, familie og samfunn i et kristent verdensbilde». Boka er ikkje så lett å plassera i ein teologisk sjanger. Ho startar som ei etikkbok, men ho utvidar perspektivet til familien og samfunnet. Det er ikkje opplyst kva målgruppa for boka er, men etter språkbruk, temaval og utstyr, tenkjer eg det primært er unge kristne frå ungdomsskulen og oppover. 

Kristen etikk er prinsipielt allmenn, altså at den er retta mot alle menneske, fordi alle er skapte i Guds bilete. I denne framstillinga er det primært retta mot kristne. Det kjem særleg til uttrykk ved at boka sluttar med eit kapittel om «Etterfølgelse av Kristus». Slik sett er «det gode liv» her forstått som eit rett kristenliv.

Den etiske framstillinga baserer seg i stor grad på dei ti boda, og så går ho meir spesifikt inn på spørsmål knytt til ekteskap og familien, og dessutan kyrkje og samfunn. Det heile er sterkt bibelbasert, der bibeltekstane vert siterte. Det siste er klokt. Framstillinga er ikkje djuptgåande teologisk eller samfunnsmessig, men det betyr ikkje at det er overflatisk. Det er tvert imot grundig, oversiktleg, konkret og systematisk. Stoffet er godt pedagogisk forma ut og lett tilgjengeleg. Dessutan har boka svært mange illustrasjonar av ulikt slag, som gjer boka både tiltalande og engasjerande. 

Powered by Labrador CMS