BOKSUKSESS: Nadja Elisabeth Brennsæter (28) er dagleg leder i Bergen Kristne Bokhandel.

Bibel-boom gir kraftig vekst for kristen bokhandel

Nadja Elisabeth Brennsæter (28) og eit dedikert team av frivillige har klart det få andre kristne bokhandlarar har klart.

Publisert Sist oppdatert

Det finst mange ting ein ikkje kan stola på her i verda. Men regnet i Bergen er ikkje blant dei.

Brusteinane glinsar i seinsommarlyset på Korskirkealmenningen medan turistar på «coolcation» følgjer straumen i retning Bryggen.

Me søkjer ly for uvêret inne i «Bergen kristne bokhandel», ein butikk som på mange vis går rakt mot straumen.

GOD HJELP: Helge Unneland er ein av dei som jobbar frivillig saman med Nadja Elisabeth Brennsæter i bokhandelen.

Sjeldan suksess

I ei vanskeleg tid for bokbransjen, prega av butikkdød og salssvikt, er den noko så sjeldan som ein suksessrik fysisk bokhandel som satsar friskt og kan visa til overskot i rekneskapen.

– Det er utruleg kjekt å få vera med på, seier dagleg leiar Nadja Elisabeth Brennsæter. Ho er berre 28 år, men har no i halvtanna år stått i spissen for Bergens einaste kristne boksuksess.

Ferske rekneskapstal for fjoråret viser at ikkje berre har omsetninga gått opp, men dei har også lukkast med å få utgiftene ned, noko som gjev overskot på botnlinja.

Tabellen viser dei auka driftsinntektene for Bergen Kristne Bokhandel dei siste åra.

Unik blanding av nytt og gamalt

– Korleis forklarer du dei gode tala?

– Det er fleire årsaker. Mitt første store prosjekt som ny dagleg leiar var å få på plass ein nettbutikk. Det gjer at me no har kundar over heile landet. Eg jobbar også med å profilera oss i sosiale medium, så eg trur at fleire veit om oss enn før.

Bokhandelen ligg i ein historisk del av Bergen sentrum ikkje langt frå Korskirken.

Ho har også registrert at fleire unge er innom, og dei forventar å først kunna gå inn på nettbutikken og sjekka at boka dei er ute etter faktisk finst i sortimentet.

Men sjølv om nettbutikk gjev eit ekstra bein å stå på, kjem brorparten av salet i overveldande grad framleis frå fysisk sal over disk.

– Som bokelskar er eg veldig glad for at det er slik. Me har også ein eigen seksjon som er antikvariat der blant anna teologistudentar kosar seg med å finna bøker som ikkje finst å få tak i elles, fortel ho.

GAMALT OG NYTT: Bokhandelen inneheld også eit rikhaldig antikvariat der du kan finna bøker som elles er vanskeleg å oppdriva.

– Kombinasjonen nytt og gamalt i ein og same bokbutikk trur eg er litt unikt på landsplan.

Eit anna viktig grep for å halda kostnadene nede er ein frivillig dugnadsgjeng på 15 personar, hovudsakleg pensjonistar, som tek seg av kassahåndtering og kundekontakt.

Bibelen gjev vekst

Som om ikkje gode fjorårstal var nok, kan Brennsæter også letta litt på sløret kva gjeld 2024. Det viser seg nemleg at inneverande år ser ut til å bli reine jubelåret.

– Samanlikna med første halvår 2023 har omsetnaden auka med over 30 prosent, fortel Brennsæter.

BØKENES BOK: Årets så langt største salssuksess er Bibelen 2024. Bergen Kristne Bokhandel har alle versjonane av den nye Bibelen i sortimentet. I tillegg til ei rekkje andre omsetjingar.

– Det har vore eit skikkeleg bibelår, dette. Bibelen 2024 i alle sine variantar er den store bestseljaren. Men også Pollestad sin nye bibel og Hermon forlag sine nye variantar av Bibelen Guds Ord har gått bra, fortel butikksjefen.

Økumenisk breidde i utvalet

Sjølv om bokbutikken har eit protestantisk tyngdepunkt på eigarsida har dei ein strategi å vera ein kristen bokbutikk for alle typar kristne.

Mellom anna står både ikon og bønnelekkjer i ein eigen seksjon, og dessutan nokre produkt som vart overteke frå den meir katolsk orienterte Bokladen som før fanst i byen.

ØKUMENISK: Bokhandelen tilbyr også ikonar og bønnelekkjer og anna som ortodokse og katolske kristne er interesserte i.

– Me har nok innsett at det ikkje er rom for at ulike typar kristne skal ha kvar sin bokbutikk lenger. Så me femnar om heile breidda av kristenlandskapet gjennom bøkene og produkta våre. Me er nøydde til å stå saman, seier Brennsæter.

Powered by Labrador CMS