KRYPTOKUNST: Nordisk Bibelmuseum sel biblar som kryptokunst. Bilde viser Bibelen av Kong Karl den tolvte, som i skrivande stund kostar rundt 75 000 norske kroner.
Skjermdump
Denne Bibelen kostar 75.000 kroner og kan berre lesast på nett
No kan Rembrandt-Bibelen, Bibelen av Kong Karl den tolvte eller Kong Christian den tredje, bli din.
Nordisk Bibelmuseum har lagt ut historiske versjonar av Bibelen for sal som tredimensjonal kryptokunst.
– Det vil gjere det mogleg å eige ein bit av historia, seier museumssjef Rune Arnhoff til Dagen.
Det var Norge i Dag som omtalte saka først.