| Kommentar
Denne julefilm-perla må du sjå før nyttår
I denne filmen gjer dyra meir enn å stå og tygga drøv medan historia går sin gang.
FRAM FRÅ JULEARKIVET: Filmen «Stjernen» er vel verdt eit gjensyn og har tålt dei sju åra sidan han kom ut, uforskamma godt.
Foto: Filmdistributøren
Romjul er tida for å ta fram ting frå tidlegare år, og av og til dukkar det opp noko ein ikkje heilt visste at ein hadde.
Eit perspektiv vi treng
Litt denne kjensla var det eg fekk då familien nyleg benkja seg for å sjå animasjonsfilmen Stjernen (orig. The Star). Denne julefilmen gjekk under radaren min då han kom for sju år sidan, tilbake i 2017. Det er ikkje noko problem at han har lege litt. Han er nemleg i kategorien «ofte god etter».