Anmeldelser
BOK: Miljøet i boka er frå ein fjord på Vestlandet. Nils eig ein båt, som mange er avhengig av for å koma seg inn og ut eller att og fram i fjorden, skriv Paul Odland.
Adobe Stock
Det livet Nils Vik levde
Eg hadde akkurat teke til å lesa romanen til Frode Grytten då meldinga kom om at han var årets vinnar av Brageprisen. Eg siterer gjerne grunngjevinga, sidan ho er dekkjande for innhaldet, og langt på veg også mi oppfatning av romanen. Men før eg siterer: Eg skjønar ikkje at juryen må grunngje kvifor Grytten er årets vinnar med ein bokmålstekst! Det er ein totalt manglande respekt for språket og åndsverket. Uforståeleg!
Men her er grunngjevinga: «Faktiske hendelser denne dagen blandes med sterke og såre minner fra et langt liv i nær tilknytning til befolkningen og naturen i det tette kystsamfunnet. ‹Den dagen Nils Vik døde› er både en vakker, varm og rørende historie om det nære og enkle som livet består av, samtidig som den byr på store skildringer om vennskap, kjærlighet og død. Det er en roman om alderdommen og døden, men også om det som gjør livet verdt å leve.»
Livet i revy