| Kultur
Dikt til ettertanke og opplesing
DIKTGLEDE: Eg trur folk som likar lyrikk, vil ha glede av denne diktsamlinga! skriv Johannes Kleppa.
Foto: Adobe Stock
Det er opplyst at dette er første diktsamlinga til Sverre Kragset, men det skulle ein ikkje tru ut frå kvaliteten. Etter mitt skjønn er dette god lyrikk både ut frå form, språk og innhald.
Dikta er tydeleg kristent orienterte, sjølv om nokre er allmenne. Nokre av dei er direkte i sitt kristne innhald, medan andre ber preg av «antydningens kunst», som det står på omslaget. Dikta er frå ei side sett enkle, men dei er ikkje banale. Frå ei anna side sett er dei djupe, utan å verta utilgjengelege.
Dei er vare, og gode å lesa. Mange av dei vil høva godt til opplesing i ulike samanhengar. Fleire av dei er knytt til kyrkjeåret sine høgtider, utan at det er salmar eller songar. Dei fleste er skriven på bokmål, men nokre på nynorsk. Det er lite av rim, men dei kan ikkje seiast å vera modernistiske. Dei er utan punktum, og har stort sett korte liner.