Anmeldelser

Ei fin gåvebok i staden for blomster

Publisert Sist oppdatert

Dette er ikkje første boka som kombinerer dikt og bilete, men det er i alle fall ei fin lita bok av denne typen. Marit Elisabeth Rui står for dikta og Synnøve Grøtteland Helland for naturbileta. Begge har gjort godt arbeid, og det er ein fin samanheng mellom dikt og bilete.

Dikta er korte, ofte berre eitt vers, og dei er varierte ved at dei fokuserer både på skaparverket og evangeliet. Dei held god lyrisk kvalitet og dei er kristent sett sentrale. Bileta held også høg kvalitet.

Boka er fin å sjå til og å ha i hendene. Eg trur mange vil gleda seg over boka, og det må vera ei fin gåvebok i staden for blomster.

Anmeldt/Bok

Marit E. Rui/Synnøve Grøtteland Helland

Speilvendte øyeblikk

Lyrikkforlaget 2023

Ib. 80 sider

Powered by Labrador CMS