| Kultur
Ein uvanleg kreativ teolog
NATUR: Dei dramatiske endringane i naturen er eitt av trekka frå apokalypsen som Hans Johan Sagrusten kjenner igjen i si eiga samtid.
Dan Aksel Jacobsen, Verbum forlag
I mange år har Hans Johan Sagrusten vist ein unik kombinasjon av grundig fagleg innsikt og god kreativ formidling.
Han har vore knytt til Bibelselskapet i ulike roller, ikkje minst som bibelomsettar. Få kan presentere Bibelens teksthistorie så levande og interessant som Sagrusten. Han er både lyrikar og prosaforfattar, ein språkleg kunstnar. Heldigvis har forlaget late han skrive på hjartespråket, nynorsk.
I 2022 kom Sagrusten med ei bok som reflekterte over Johannes’ openberring. Boka var knappast ei fortolking av Openberringsboka, meir ein samtidsreflekterande bruk av tekstene.