«Eineståande biletbok om bedehusa»
Erlend Berge har gjort eit kjempearbeid med denne boka – i fleira tydingar av ordet.
Anmeldt:
Erlend Berge
Sjå, eg kjem snart!
Bilete frå bedehusland
Vårt Land forlag 2018
ib. 191 sider
----
På mange måtar er bedehusa eit særtrekk ved norsk kristenliv, og bedehusrørsla har vore ei sterk åndsmakt i landet vårt. Når eg skriv på denne måten, tenkjer eg primært på dei bedehusa som er knytte til dei evangelisk-lutherske organisasjonane i landet vårt, og det lekmansarbeidet som vert drive her. I tillegg må vi hugsa at også mange av forsamlingslokala til pinsevener og andre er kalla bedehus.
200 år lang historie
Det nærmar seg at bedehuset har ei 200 år lang historie i landet vårt, og svært mange av bedehusa vart bygde første halvdelen av 1900-talet. Det har vore mange 100-årsjubileum for bedehus i det siste. På det meste reknar ein med at det var rundt 3000 bedehus i landet, og det var eit omfattande arbeid knytt til desse. I løpet av den siste generasjonen har arbeidet minka sterkt på mange bedehus, ei del stader er det i praksis heilt slutt, og stadig fleire stader vert arbeidet lagt ned og huset seld. Samstundes vert ein god del bedehus fornya, og det vert bygde nye og moderne bedehus med eit sterkt forsamlingsarbeid.
Kulturoppgåve
Sjølv om mange av dei tradisjonelle kvite bedehusa enda er i drift, må vi sjå i kvitauge at det langt frå er som før. Det er difor ei viktig kulturoppgåve å sikra historia til bedehuset og arbeidet der. Det er viktig både som kyrkjehistorie, kulturhistorie og lokalhistorie. Ein del av denne historia er sjølve huset og interiøret der. Det er dette siste denne bok er oppteken med, ikkje arbeidet eller ein skriftleg dokumentasjon av huset. Her får vi ein biletdokumentasjon.
Kjempearbeid
Erlend Berge er fotograf, og han har gjort eit kjempearbeid med denne boka – i fleire tydingar av ordet. Han er ryfylking og er «vaksen opp» på eit bedehus, som så mange andre ryfylkingar. Då det gjekk opp for han at mange bedehus var på veg ut, sette han seg i bubilen og kjørte land og strand rundt for å fotografera bedehus både utafrå og innafrå.
Resultatet er denne fantastiske boka. Med tanke på arbeid og bikjøring var det altså eit kjempearbeid gjennom alle fylke frå Ager til Finnmark, og det er eit kjempearbeid med tanke på den biletdokumentasjonen bok gjev. Berge har i tillegg sikkert fleire tusen bilete som det er viktig vert tekne god vare på, slik at dei kan brukast i historiske arbeider framover.
Geografisk spreiing
Det er ikkje bilete av nye eller moderniserte bedehus i denne boka. Poenget er ikkje å dokumentera dagens bedehusarbeid, men det «gamle» bedehuset. Boka er heller ikkje systematisk ved at ho gir eit representativt bilete av bedehusa og bedehusrørsla rundt om i landet. Frå det mest livskraftige bedehusområdet i landet vårt, Jæren, er ingen bedehus med. Frå kommunen der eg er fødd og oppvaksen, Hjelmeland, er heile fem bedehus representerte – blant dei mitt barndoms bedehus i Askvik. Det er med etter måten mange bedehus frå dei tre nordlegaste fylka, som generelt har eit svakt bedehusliv. Den geografiske spreinga er generelt god.
Til ettertanke
Eg har forkynt Guds ord i alle fylke i landet vårt, og vore på mange bedehus. Når eg bar gjennom boka, kjenner eg meg difor att, men det er påfallande mange bedehus eg ikkje har vore på. Bileta i boka har høg kvalitet, og dei er svært variert. Nokre er direkte morsomme, andre vemodige og ein del er til ettertanke. Eit bedehus er omgjort til sauefjøs, og alle sauene som stirrer på fotografen i bedehuset, minner om ein annan saueflokk! Alle bileta er heilsides bilete i stort bokformat. Det vil føra for langt å forklara kva bilete ein finn i boka, det får ein sjå ved å kjøpa henne!
Talande tittel
Boka er totalt utan tekst, bortsett frå at det for kvart bilete er opplyst kva bedehuset heiter, og kva fylke det ligg i. Derimot er det laga ein liten brosjyre som forklarer bokprosjektet og bedehuset som kulturobjekt, og som har ei oversikt over alle bileta. Her er også ei lita og artig novelle. Boka har fått den talande tittelen «Sjå, eg kjem snart!». Det ei hovudsak i forkynninga på bedehuset, og det er ikkje vanskeleg å finna bilete rundt om på bedehusa som forkynner det.
Førast videre
Det er berre «å bøye seg i hatten», som skiløparen Heidi Weng sa, og takka fotograf Erlend Berge for arbeidet, og Vårt Land forlag for dette bidraget til å ta vare på bedehusets kulturhistorie – og arbeidet kan gjerne førast vidare. Det er i alle fall ei bok for alle som er glade i bedehuset, men det bør det vera også for alle som er opptekne med kulturhistorie.