Anmeldelser

KYRKJEKUNST: Johannes Kleppa med eit stykke kyrkjekunst, frå det tidlegare bedehuset på Vassenden.

Frå katedral til bedehus – kyrkjekunsten har sin plass

Praktisk og nyttig om kunstens funksjon i kyrkjerommet.

Publisert Sist oppdatert

Kunst har ein større eller mindre plass i nesten alle kyrkjer og kristne forsamlingshus. Det kan spenna frå det overdådige i katolske katedralar til det minimalistiske i eit landsens bedehus.

I denne vesle boka er søkjelyset på kva kunstens funksjon i kyrkjerommet er, og kven som kan bidra med slik kunst i norsk samanheng.

Til tider synest eg nok at han dreg vel langt kva gudserkjenning folk kan læra av kunsten og naturen.

Forfattaren seier at kunstnarane «bringer samtiden inn i kirkerommet», og at dei er med og skaper «forbindelse mellom himmel og jord». Kunsten skal bidra til at kyrkjerommet vert ein stad for «ettertanke og refleksjon om samtiden og framtiden».

Til tider synest eg nok at han dreg vel langt kva gudserkjenning folk kan læra av kunsten og naturen, om ikkje Ordets openberring får vera der med si forklaring.

Anmeldt/Bok

Tellef Raustøl

Kunsten åpner kirkerom

Partner forlag 2024

91 sider, heftet

Boka er lita, men ho er meint som ei oppslagsbok og ei hjelpebok for folk som er opptekne med å få kunst inn i kyrkjerommet og andre stader der kristen tru vert utfalda. Forfattaren er også oppteken med det frivillige engasjementet i denne samanhengen.

Boka inneheld ei kort historisk oversikt frå 1800-talet og fram til vår tid over sentrale norske kunstnarar med tanke på utsmykking av kyrkjer, og kunstnarmiljø som har vore opptekne med dette.

Primært ei praktisk retta bok.

Det er fleire sider med presentasjon av nolevande kunstnarar som er engasjerte i kyrkjekunst, og som kan brukast til utsmykking av kyrkjer og andre aktuelle hus. For folk som er opptekne med nett det, vil eg tru at denne oversikta er nytting.

Denne vesle boka er ikkje primært ei innføring i kyrkjekunst på kulturhistorisk vis, sjølv om det er glimt av det, men det er primært ei praktisk retta bok under perspektiv at «kunsten åpner kirkerom».

Powered by Labrador CMS