Anmeldelser

TYSKLAND: Bildet er fra en markering i forbindelse med Holocaustdagen i Berlin i januar i år.

Frå Teuroborgskogen til Tyskland

Publisert

Om boka er rimeleg kort, så er historia i alle fall lang; i overkant av to tusen år!

Men skjedde det noko alt i år 9, som er så viktig at ein kan rekna det som starten på det som etter kvart vart den moderne staten Tyskland? Og er ein sikker på at det faktisk var i år 9? Ja, slik ser det ut det Dypvik skriv.

Vendepunkt i verdsshistoria

Det stod eit stort slag i Teuroborgskogen i Ruhr-området som av somme vert omtalt som eit vendepunkt i verdshistoria! Fram til då hadde det romerske imperiet ekspandert mot nord.

Men nederlaget romarhæren erfarte den gongen, vart sluttpunktet på erobringstoka i nord. Og akkurat då tok historia om det som seinare vart Tyskland, til.

Desse to tusen åra har vore meir enn omskiftelege i og for det området som vert dekka. Tyskland oppstod jo slett ikkje som ein samla nasjon. Tvert om.

Historia til den moderne staten handlar stort sett om lokale keisarar, fyrstar, fyrstedøme, adelsmenn og maktkampar så det held. Bøhmen, Prøyssen, Sachsen og mange fleire delstatar eller fyrstedøme har hatt status nærmast som smånasjonar som ikkje alltid har drege godt saman.

Og som kvar for seg ofte også har vore i konflikt med omkringliggjande land og makter. Ved dei fleste kapitla er det gode oversiktlege kart over dei områda som er omtala.

Takkesalme midt i krigen

Oppi dette har det vore sterke religiøse og trusmessige motsetnadar. Ikkje minst gjev boka oss grundig innføring i den enorme katastrofen som trettiårskrigen på 1600-talet var.

Av særleg interesse er det Dypvik fortel om salmediktaren Martin Rinckart (1586-1649). Han var erkediakon i Eilenburg. Byen erfarte plyndringar, pest, hungersnaud og store flyktningestraumar.

Somme dagar måtte Rinckart gravlegge to personar dagleg. På denne tida var det han skreiv salmen «No takka alle Gud», som er i bruk den dag i dag, og er med i norske song- og salmebøker.

Rinckarts tekst har vore av dei mest kjære og brukte salmetekstar innan tysk protestantisme. Også seinare i historien fortel Dypvik at salmen vart sungen når noko stort skjedde, og folket hadde trong for å takka Gud.

Prøyssen, Weimar og Hitler

Når ein så nærmer seg moderne tid, er stoffet meir kjent. Det gjeld både samlinga under Prøyssen i andre halvdel av 1800-talet, og keiserperioden fram til ein ny katastrofe – første verdskrigen.

Verdskrigen vart ikkje minst fatal nettopp for Tyskland. Så kjem Weimar-republikken, ein periode då mange hadde håp om at det skulle gå mot ljosare tider.

Men det enda som kjent med at ein viss nazistisk herremann overtok leiarskapet i 1933, noko som førte til ei ny ufatteleg katastrofe – både for millionar av jødar, for millionar av andre tyskarar og europearar.

Så kom den kalde krigen og deling i Vest- og Aust-Tyskland, fram til muren vart riven for godt over tretti år sidan, og nå framstår Tyskland som eit av dei sterkaste landa i Europa, med viktig påverknad både i Nato, EU og andre internasjonale fora.

Det er ei imponerande bok Astrid Sverresdotter Dypvik har skrive. Å dra seg gjennom to tusen år, og likevel få med seg så mykje stoff, i ei forholdsvis lita bok, det er godt gjort!

Og det er lærerik lesnad. Og det er viktig for oss alle å repetera kunnskapen. Derfor – ta og les!

Anmeldt/Bok

Astrid Sverresdotter Dypvik

Den kortaste historia om Tyskland

Frå år 9 til no

Vigmostad Bjørke 2024, ib.; 191 sider

Powered by Labrador CMS