Gedigen Obstfelder-biografi
Spennande er det å lesa kor nær kontakt han over lang tid Obstfelder hadde med Peter L. Hærem, misjonsmannen som grunnla Studenterhjemmet i Oslo, der Obstfelder budde i mange periodar. Han var ei tid engasjert i fråhaldssaka. Han tenkte ei tid å verta prest.
Anmeldt:
Hanne Lillebo
Obstfelder - En biografi
Gyldendal Norsk Forlag 2017
ib.; 699 sider
----
Skulle denne biografien kome ut i 2016? Eg veit ikkje. Tanken berre slår meg. Fordi då var det 150 år sidan Sigbjørn Obstfelder vart fødd (1866). Om det elles har teke tid både å skriva og produsera denne «mursteinen» av ein biografi, så har eg forståing for det!
Det får vera som det vil med det. Obstfelder fekk ei kort levetid; 33 år. Språkleg, kulturelt og litterært rakk han å setja mange spor etter seg. Og for ettertida er Stavanger-diktaren sitt liv og forfattarskap med cand. philol. Hanne Lillebo sitt verk særdeles grundig dokumentert og analysert.
Tok ikkje mot til seg
Faren var bakarmeister i Søregadå, og Sigbjørn var nummer sju i ein stor søskenflokk på heile 16. Berre sju av desse levde opp. Mora døydde då Sigbjørn var 14 år.
Familien hadde det ikkje romsleg. Dei måtte flytta fleire gonger, og det var sjukdom mellom dei som vaks opp. Og bakeriet gjekk det i periodar så som så med.
Nokre år budde familien på Jørpeland. Der var det ei jente han fekk godt auga til. Men det vart aldri noko meir med dei. Obstfelder hadde godt auge til eit par andre unge kvinner og, frametter. Men han tok ikkje mot til seg og fridde.
Vende nasen heimover
Sigbjørn fekk sin artium ved Kongsgaard skole, og ved hjelp av venner og familie kunne han studera vidare i hovudstaden ei tid etterpå. Han var innom både filologi og ingeniørstudiet. Han rakk også ein kort bolk som lærar i Sola mellom studiane.
Han fekk aldri avsluttande eksamen i ingeniørstudiet, men papir nok til at han fekk arbeid i Wisconsin i eit brubyggingsselskap. Men den gongen som no, så passa ikkje USA og mentaliteten der for alle.
Sigbjørn vende nasen heimover etter berre eitt år. Då var han nedbroten og gjekk på ein smell, for å nytta eit moderne omgrep. Han fekk ein periode på sjukehus og asyl fram til starten av november 1891.
Bar fiolinen med seg
Men tida i USA var slett ikkje til fånyttes. Då han kvikna til att, fekk han hug på både musikk og skriving. Og no gjekk det ikkje lenge før dikta kom. Då han debuterte med samlinga «Digte» i 1893, fekk han ei strålande mottaking.
Det vil seia; det var også dei som såg på dikta hans som det reine nonsens. Han kan kanskje sjåast på som ein av banebrytarane for moderne poesi. Det er hevda at det går ei klar linje fram til Rolf Jacobsen, ein av våre største modernistar.
Eitt av dikta som er svært godt kjent, og mykje brukt, er «Regn». Det var med i debutsamlinga i 1893; og var eitt av dei som fascinerte svært mange, men som andre syntest var det reine tøvet.
Han ville ei tid verta musikar, men vart det aldri; ikkje profesjonell i streng forstand. Men fiolinen bar han alltid med seg, og spela ofte til hygge og glede for ulike typar publikum. Men det er mykje musikk i «Regn», lekent som det er både i innhald, form og fasong.
På landsmål
Obstfelder hadde kontakt med mange andre diktarar og kunstnarar; til dømes Kielland, Bjørnson og Garborg. Lillebo fortel til dømes om eit besøk hjå Hulda og Arne Garborg på Kolbotn. Det er forvitneleg å lesa.
Både Garborg og Kielland syntest nok at Obstfelder var ein merkeleg type. Men særleg Garborg skreiv sterke og flotta omtalar av det Obstfelder etter kvart gav ut.
Faktisk var han ein sommar også på landsmålskurs i Seljord. Han prøvde nokre gonger å skriva på landsmål. Lillebo refererer nokre få strofer. Men han fann seg mykje betre til rette med riksmålet!
Knapt fast bupel
I tiårs-bolken mellom 1890 og 1900 var det at dikta og romanane kom. Dei mest kjende er «Korset», «De røde dråber», «To novelletter» og «En prests dagbok».
Han hadde også fleire manus i skuffene sine, som ein fann etter at han døydde av tuberkulose, som ung mann. Rik av skrivearbeidet sitt vart han aldri. Lillebo skildrar han som ei kunstnarsjel som alltid bar på uro.
Han var i årevis på vandring og reise. Hadde vanskar med å slå seg til ro med noko. Budde han i Berlin, så lengta han til København eller Paris. Så for han til Paris, og etter kort tid lenga han til Berlin eller Oslo! Han hadde knapt fast bupel. Pengelens var han nesten støtt.
Kontakt med misjonsmann
Spennande er det å lesa kor nær kontakt han over lang tid hadde med Peter L. Hærem, misjonsmannen som grunnla Studenterhjemmet i Oslo, der Obstfelder budde i mange periodar. Han var ei tid engasjert i fråhaldssaka. Han tenkte ei tid å verta prest.
Arbeid som stortingsreferent prøvde han seg på. Han hadde mange tunge periodar. Men det synte seg at mange av dikta og tekstane hans fekk han skriva nettopp medan han hadde det vanskeleg.
Medan han var i Paris, engasjerte han seg i Dreyfuss-saka. Han hadde planar om å skriva ein del om den, og reisa på foredragsturné i Noreg. Men det vart det ikkje noko av. I Tyskland støytte han på si eiga slekt på farssida. Det var spennande for han. Farfaren var tysk, nemleg.
Jordhytte
Obstfelder gifta seg med danske Helga Ingeborg Maria Weeke. Ho var eit stort songtalent. Det var eit langt kapittel, både før det var ekteskap – og i boka til Lillebo. For Ingeborg hadde ein friar til, og ho sleit med å seia ja til den eine og dermed nei til den andre!
Det har i seinare tid vore mykje fokus på fotturen deira frå Setesdal til Ryfylkeheiane, tynnkledde som dei var, og der dei møtte uvær. Nokre sauegjetarar kom over dei og gav dei ly i ei jordhytte ved Nilsebu.
To år i lag
Alt i 1886 måtte han sitja ei natt i fengsel i Stavanger. Han vart arrestert og fekk bot etter «en belivet aften og uskyldig munterhed i gatene»! Litt rebell var det kanskje i Sigbjørn Obstfelder i alle år?
Han og Helga Ingeborg Maria gifta seg sommaren 1898, og fekk såleis berre to år i lag. Dottera Lili vart fødd den dagen Sigbjørn vart gravlagt.
I 1917 først kom gravmonumentet på plass; ei byste utforma av Gustav Vigeland. Han har også i nyare tid fått sin eigen opne plass i Stavanger sentrum, rett ved Breiavatnet og Domkyrkja, inntil Kongsgata, der bakar-familien i si tid budde. Omrisset av huset kan ein sjå på platene som ein går på.
Men det store monumentet over Obstfelder er Lillebo si gedigne bok!