| Kultur
Han fann noko anna enn det han leita etter
WARSZAWA-GETTOEN: På dette arkivbildet 19. april 1943 blir en gruppe jøder eskortert fra Warszawa-gettoen av tyske soldater.
AP / NTB
Den svensk-jødiske forfattaren Kenneth Hermele (fødd 1948) hadde ein hovudtanke då han starta arbeidet med denne boka. Han ville prøva å forklara kvifor jødar i så liten grad gjorde motstand mot dei kreftene som ville utsletta eit heilt folk. Han og dei aller fleste av oss har jo levd med den oppfatninga at jødar ikkje treiv til våpen, at dei alltid veik unna, at dei var feige, ja, at dei nærast vart førte til slaktebenken som lam, kfr. boktittelen. Desse haldningane var ofte innblanda med skuldinga dei ofte vart møtte med at dei var framandelement i dei landa dei budde, at ein ikkje heilt kunne stola på dei osb.
Rett nok har dei fleste av oss lest om jødane som gjorde motstand og greip til våpen i gettoen i Warszawa. Men det har me sett på som unntaket frå regelen. Det har kanskje mange av oss også gjort når det gjeld det som blir fortalt i Esters bok i Det gamle testamente. For også der ytte jødane motstand mot dei vonde planane til Haman. Og etterpå fekk faktisk jødane løyve til å slå tilbake (Ester kapittel 8–9).
Regel eller unntak